– Alt startar med forteljinga

Alt startar med det munnlege. Eg fortalde før eg kunne skrive. På kveldane, når dei vaksne hadde sagt god natt, låg eg i overkøya og fortalde til munnen vart tørr og småsøskenpusten gjekk jamt og fråkopla i undersengene. Forteljingane vaks ut av seg sjølve og vart levande. Og alt dette fanst lenge før bokstavane. Kvifor gløymde eg det?

Av Maria Parr
Hald fram å lesa – Alt startar med forteljinga

Om å starte tidleg med nynorsk i bokmålsklassar

Av Hilde Traavik, dosent i norsk, Høgskulen på Vestlandet

«God i både nynorsk og bokmål allereie på barnesteget?» Dette er tittelen på ein artikkel Benthe Kolberg Jansson og underteikna publiserte i Norsklæraren 1/2017. Artikkelen, som nå også ligg her på nettsidene til Nynorsksenteret, handlar om eit forskings- og utviklingsprosjekt som blei gjennomført i fleire klassar på barnetrinnet (3. til 7. trinn) for få år sidan. Eg skal i dette innlegget gjere kort greie for korleis vi arbeidde i «min» prosjektklasse, som eg følgde frå 4. til 7. klasse. Hald fram å lesa Om å starte tidleg med nynorsk i bokmålsklassar

Sidemål og framandspråk – kva er likt, kva er ulikt?

Ifølgje Læreplanen skal alle elevar kunne dei to målformene, nynorsk og bokmål, like godt. Dei skal så å seie vere tospråklege i skriftleg norsk. Vi veit at gjeldande undervisningspraksis for sidemålet mange stader har mykje til felles med tradisjonell framandspråkopplæring. Likevel slit somme elevar med å lære seg sidemål, og kanskje spesielt nynorsk som sidemål. Fleire stortingsmeldingar og forskingsrapportar gir manglande skriftlege føredøme på nynorsk mykje av skulda for dette, men kan måten sidemål er omtalt på i læreplanen, også ha delar av ansvaret? Hald fram å lesa Sidemål og framandspråk – kva er likt, kva er ulikt?

Grunnlaget som ikkje må gløymast: Norsk = nynorsk + bokmål

Den språkdelte kulturen i Noreg har prega kulturdebatten, språkutviklinga og læreplanane i over hundre år. Det er difor heilt på sin plass at «kulturelt og språkleg mangfald» er framheva som ein sentral verdi i utkastet til ny generell del av læreplan. Men underleg nok utan at omgrepa «nynorsk» og «bokmål» blir nemnde i det heile.

Hald fram å lesa Grunnlaget som ikkje må gløymast: Norsk = nynorsk + bokmål

Korleis kan musikk vere utgangspunkt for undervisningsopplegg til serien Skam?

Ungdom er veldig opptatte av musikk, og derfor er det ofte takknemleg å bruke musikk i undervisningsopplegg.

I Skam er musikk ein viktig del av den multimodale forteljinga. Mange av dei mest populære scenene har vore knytte til musikk, og artistar som har vorte brukte i Skam, som Gabrielle, har vorte svært populære i utlandet. Med andre ord: Musikk betyr mykje for ungdom og er ein viktig føresetnad for å nå målgruppa. Hald fram å lesa Korleis kan musikk vere utgangspunkt for undervisningsopplegg til serien Skam?