Nynorsksenteret har fått nye nettsider, og nye blogginnlegg kjem heretter til å koma på https://www.nynorsksenteret.no/blogg.
Arbeid med språklege ferdigheiter – i, på og om nynorsk
Tekst: Marit Wadsten
Korleis skal ein drive god nynorskundervisning? Det var eit tilbakevendande tema mellom norsklærarane i grunnskulen og vidaregåande skule i Vågan kommune i Lofoten.
– Med dette som bakteppe kom ideen om å få til ei felles kompetanseheving for lærarane, seier initiativtakar Hege Schultz Eilertsen.
Hald fram å lesa Arbeid med språklege ferdigheiter – i, på og om nynorsk
Ti bøker du kan gje til konfirmanten
Her er ti bøker som kan fungere fint som gåver til konfirmantar. Hald fram å lesa Ti bøker du kan gje til konfirmanten
Ny podkast: – Dikt må vere ypparleg for snapchatgenerasjonen
Lyrikar Ruth Lillegraven meiner at både barn og vaksne treng litteratur for å verte klokare menneske. Dikt kan vere den raskaste vegen til målet.
Hald fram å lesa Ny podkast: – Dikt må vere ypparleg for snapchatgenerasjonen
Digital diskriminering
Alle skulelevar i Noreg har rett til å få læremiddel på eige språk. Det får dei ikkje. Mange nynorskelevar erfarer at den gamle kampsaka «lærebøker på begge målformer til same tid og til same pris» framleis er sørgjeleg aktuell.
Liste lettar nynorsk som sidemål
Norsklærar Marianne Følling på Steinkjer vgs. har laga ei eiga ordliste for å lære vekk nynorsk som sidemål. Her forklarer ho korleis lista vert brukt i undervisinga.
Gratis teikneserieantologi
Bobler frå djupet er ein ny antologi med teikneseriar på nynorsk. Teikneseriane er særleg retta mot elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule. Hald fram å lesa Gratis teikneserieantologi
– Ikkje vent med sidemålet
– Det dummaste ein norsklærar kan gjere, er å vente med sidemålet til 9. klasse.
Det seier Magritt Jarlsdotter Grimstad ved Kolvikbakken Ungdomsskole i Ålesund. Skulen har hatt fleire samarbeidsprosjekt med Nynorsksenteret for å auke elevane sin kompetanse i nynorsk, og resultatet har vore svært positivt. Lærarar med fleire års erfaring ser ei nivåheving og ei haldningsendring til nynorsk.
Podkast: Anders Totland sine mørke ungdomsromanar
– Det er fint å ha det bra, men det er kjedeleg å lese om det, seier forfattar Anders Totland. Difor skriv han ungdomsbøker om overgrep og alvorleg sjukdom.
Ifølgje sin eigen blogg er Anders Totland både forfattar, kokk, organist, journalist, pratmakar og skrytepave. Trass denne lettliva sjølvpresenteringa har han valt tunge tema i dei to ungdomsbøkene han har gjeve ut.
Hald fram å lesa Podkast: Anders Totland sine mørke ungdomsromanar
Å syngje seg til språk
Born har eit medfødd behov for å uttrykkje seg, og dette er ein viktig del av det å vere menneske. Vi uttrykkjer oss på ulike måtar, verbalt, kroppsleg, gjennom teikning og mykje meir. Vi skal sjå nærare på korleis vi kan bruke song og musikk i språkstimuleringa i barnehagen.