Om å vere god på begge bein – om å bruke både bokmål og nynorsk

Av Ragnfrid Trohaug, seniorredaktør for barne- og ungdomslitteratur ved Samlaget

Det er vanskeleg å bruke fotballmetaforar utan å hamne i klisjéfella, men eg kan ikkje anna. For når eg tenker på mitt forhold til dei to ulike skriftvariantane av norsk, når eg tenker på bokmål og nynorsk, kjenner eg med éin gong lukta av nordnorske grusbanar og kjensla av forstadsliv nord for polarsirkelen på åttitalet, eg hugsar attende til den gongen lærar heitte frøken og sekk var ransel. Eg hugsar kjensla av lærelyst og utprøving, eg hugsar triksing med fotball og bokstavar, om einannan. Eg hugsar då eg skjønte at det var lurt å vere god på begge bein.

Hald fram å lesa Om å vere god på begge bein – om å bruke både bokmål og nynorsk

Då nynorsken blei meir enn blånande fjell og djupe dalar

Av Mariann Schjeide, leiar i Norsk bibliotekforeining

Spynorsk mordliste. Det sto det også på mi ordliste på vidaregåande skule. Eg var frå Ålesund, oppvaksen midt i byen, hadde bokmål på skulen. Då eg skulle begynne på skule i ny skulekrets ei lita mil frå Ålesund, skulle foreldra mine røyste over målform i skulekretsen. Dei røysta mot «grautmålet», som ei morosam journalistvenn av faren min skreiv i avisa med bilete av foreldra mine. Vi var nettopp flytta inn i eit nytt byggefelt, og gatene skulle ha adresser. Kyrkjehaugen heitte gata vår. Faren min skreiv protestbrev til kommunen. Han meinte det var ei unaturleg adresse, det burde heite Kirkehaugen. Han fekk ikkje medhald. Min vesle protest var å konsekvent skrive Kirkehaugen på alt. Hald fram å lesa Då nynorsken blei meir enn blånande fjell og djupe dalar

Karakteristisk vurdering

Eg var skuleflink. Det kalla dei i alle fall slike som meg då eg gjekk på skulen på seksti- og syttitalet. Eg fekk som oftast gode karakterar på prøvene og stilane mine, og det var nesten berre M-ar i karakterboka. Den gongen reflekterte eg lite over kva grunnlag lærarane hadde for å gi meg alle desse M-ane. Endå mindre lurte eg på kvifor skulen heldt seg med denne graderte elevsorteringa. Det var berre slik systemet var, og for meg som heldt til i den øvste enden av skalaen, var det sjølvsagt heilt greitt.

Er det greitt? Hald fram å lesa Karakteristisk vurdering