Tid for ti igjen

Det er tydeleg at tekstane i Tid for ti engasjerer unge lesarar. – Vi vil inn i boka og hjelpa Arne, seier til dømes ein klasse om utdraget frå Apetryne av Atle Hansen.

Apetryne er ei sår, men viktig bok om mobbing. I utdraget i Tid for ti er det skildra ein mobbesituasjon som finn stad på ein telttur. Teksten skapar mykje engasjement og nyttige samtalar blant elevane. Dei vil til dømes inn i boka for å hjelpe mobbeofferet, samstundes som dei reflekterer rundt det å bli riven med når nokon blir mobba. Dette er eit tydeleg teikn på at litteraturen får fram tankar og handlekraft hos lesarane.

«Me meiner at forfattaren får fram bodskapen svært godt i teksten. Han skriv slik at ein kjenner at ein er til stades, ein blir både sint og lei seg på same tid. Ein vil inn i boka og hjelpa Arne, og kjefta på Simon og Ivar! Men me forstår også at det er svært vanskeleg å seia stopp – det er kjempelett å delta i erting, kanskje utan å veta kva konsekvensar det får for den som vert plaga. Arne reiste på tur i von om å ha det triveleg, men slik vart det ikkje – dette må ha vore svært ubehageleg og ekkelt! Me meiner rett og slett at dette er ei fantastisk god bok – viktig tema, engasjerande og bra fortalt. Me har ingenting anna å seia enn å gje terningkast 6!»

I starten av januar 2018 fekk 20 000 sjuandeklassingar over heile landet tilsendt antologien Tid for ti, med utdrag frå ti bøker på nynorsk. Elevane kom raskt i gang med lesinga, og etter berre eit par veker starta bokmeldingane å kome inn. Tilbakemeldingar på utdraga frå elevar er viktige for å få ein peikepinn på kva slags tekstar som fungerer og ikkje gjer det. Og kvifor fungerer nokon utdrag, medan andre ikkje gjer det? Dei gir også elevane ein moglegheit til å meine noko om litteraturen dei las. Til no har det allereie kome inn 410 tilbakemeldingar. Her er eit utval:

Om fantasyboka Villheks meiner til dømes ein klasse at «boka var helt grei, men kunne ha vært litt mer spennende». Dei påpeikar også at vi kanskje kunne valt ut eit anna utdrag: «utdraget burde ha vært i starten av boka slik at vi ble bedre kjent med personene. Historien var litt vanskelig å forstå».

Snillionen har sjangeren humor. Det er duka for forviklingar når mora til sjuandeklassing Frank vinn heile 24 millionar i lotto. Humoren og temaet ser også ut til å falle i smak hos dei unge lesarane: «Dette er ein utruleg morosam og gøyal bok! Og eg levde meg liksom ordentleg inn i boka! Eg såg også liksom for meg bilete! Så denne får ein klar og sterk seksar!», seier ein elev.

Øystein Rundes faktabok om stamceller inneheld både teikningar og tekst. Det at det er teikningar ser elevane ut til å sette pris på. Ein lærar seier nokon av elevane «likte utdraget fordi det var laga som ein teikneserie, og vi føretrekker teikneserie framfor tekst (i alle fall når det er fakta).» Men dei sakna også noko: «På den andre sida syntest nokon den var litt kjedeleg fordi det var litt lite action.»

Ein annan lærar trekkjer fram kombinasjonen teikneserie og fakta som noko positivt med Stamceller, og meiner boka også kan brukast i naturfag. Ho har altså eit tverrfagleg potensial.

I Bente Bratlunds Svikta blir hovudpersonen, Iris, veldig skuffa over pappaen sin, fordi han ikkje kan komme på framsyninga på skulen slik han lova. Ei slik hending engasjerte elevane. I denne klassa kunne dei sette seg inn i Iris følelsar, samstundes som dei meiner faren hennar ikkje har all skuld:

«I utdraget av Svikta kan ein leve seg inn i Iris sin situasjon. Teksten er svært godt forklart. Ein blir sint og lei seg på Iris sine vegner, sidan ho er skuffa over faren og fordi ho opplever at han sviktar henne. Likevel meiner me at faren ikkje er skuld i alt – han kan ikkje veta kva Iris tenkjer – ho bør seia ifrå tydelegare. Det er mange kjensler involvert i ei skilsmisse, når den andre får ein ny kjærast og når ein er blitt lova noko – og den andre ikkje møter opp. Derfor kan me leva oss inn i Iris sin situasjon, me forstår ho godt. Me anbefaler boka til 12-åringar og oppover. Kanskje gutar vel vekk denne boka ettersom det er frå ei jente sitt perspektiv, det bør dei ikkje gjere – for det er muleg dei kan kjenne seg att i boka. Utdraget er veldig flott, me gir terningkast 6.»

Tid for ti skaper samtaler om og eit fellesskap rundt litteratur. Utdraga får fram tankar og meiningar hos elevane. Boka bidreg også til å etablere positive opplevingar av nynorsk litteratur blant bokmålselevar. Som til døme denne tilbakemeldinga frå ein lærar:

«Da elevene fikk bøkene sine i forrige uke, ble det helt stille i klasserommet der 30 aktive 7. klassinger holder til. De elsket å lese / høre på lydfil, og har de siste dagene stadig spurt meg om når vi skal lese igjen. Vi er en bokmålsskole, og dette er en fin innfallsvinkel til å jobbe med nynorsk – og det gjør også at elevene får øynene opp for gode bøker på nynorsk.»

Opplaget for Tid for ti 2018 er på 20 000 antologiar, ei auking på 5 000 samanlikna med 2016 og 2017. Det er stadig fleire skular som ønskjer å delta, men vi har dessverre ikkje fleire antologiar igjen å tilby. For lærarar som likevel vil bruke aksjonen, kan eg minne om at tekstar, lydfiler, aktivitetar, konkurransar og lærarrettleiing er tilgjengeleg via nettsida, tidforti.no. Heilt gratis!

Lukke til!

Ole Ivar Burås Storø
Foreningen !les
ole@foreningenles.no