Lesefrøa fell i god jord

Iver_Handsopprekking
Kursdeltakarar frå fire barnehagar i Lindås kommune: Solhaugen barnehage, Alversund Montessoribarnehage, Kolås barnehage og Nordhordland barnehage – Lykkeliten

– Har de tenkt på at de barnehagetilsette er viktige språklege førebilete for borna?

Ein heil vegg av bøker er delvis gøymd bak det kvite lerretet. Projektoren i taket durar lett, og lukta av klementinar smyg seg ut av fruktskålene. Femti barnehagetilsette frå fire barnehagar i Lindås kommune er på kurs på biblioteket for å oppdatere kunnskapen om nyare nynorske barnebøker.

Det er kurshaldar Anne Marta V. Vadstein som stiller spørsmålet, det om å vere språklege førebilete. Fleire av dei femti nikkar diskré.

Lindås er ein av fem kommunar som deltek i prosjektet Nynorske lesefrø. Prosjektet er i regi av Nynorsksenteret og biblioteka i dei ulike kommunane.­ Målet å etablere gode samarbeidsrutinar mellom barnehagane og biblioteka, slik at borna skal få møte den gode nynorske barnelitteraturen.

– Grunnlaget for språklæringa vert lagt veldig tidleg. Om borna berre møter dialekt og bokmål, er det uheldig når dei sjølve skal lære å skrive nynorsk, seier Vadstein.

LES MEIR: 8 innspel for ei nynorsk språkstimulering i barnehagen

Hildegunn Fosse og Katy Bergetun frå Alversund Montessoribarnehage.
Katy Bergetun og Hildegunn Fosse frå Alversund Montessoribarnehage

Legg ikkje lenger om til bergensk
På bakarste rad sit Katy Bergetun frå Alversund Montessoribarnehage.

– Nynorske lesefrø har gjort oss meir språkleg medvitne. Eg har ikkje tidlegare tenkt over at det er viktig at borna også verte lesne for på nynorsk, sjølv om me bur i ein nynorskkommune, seier ho. Bergetun leier prosjektet i barnehagen, og har vore på kurs tidlegare om korleis ho kan så nynorske lesefrø. Denne ettermiddagen er kollegaene­ hennar også med. Ei av dei er Hildegunn Fosse.

– Mange av dei tilsette legg om til eit slags bergensk­ for å gjere seg forstått hjå borna. Det gjer ein gjerne utan å tenkje over det, men dette pro­sjektet har fått oss til å tenkje meir på språket, seier Fosse.

I storbarnsavdelinga i barnehagen bruker dei no nynorske bøker fleire gonger kvar veke, både i samlingsstunda og elles. I tillegg presenterer dei ein ny bokstav kvar veke, ved hjelp av Bokstavsommaren.

– Me har snakka med borna om kva dei trudde­ nynorsk var. Nokre trudde det var svensk, og andre trudde det var amerikansk, seier Katy Bergetun.

– Er ikkje det forunderleg i ein nynorsk­kommune?

– Jau. Det er forunderleg. Dette prosjektet har hjelpt meg til å tenkje meir på dei som bruker nynorsk. No kan eg tilby borna frå nynorskområda i kommunen å få høyre nynorsk.

Biblioteksjef Marit-Gro Berge
Biblioteksjef Marit-Gro Berge håper dei fire lesefrø-barnehagane skal inspirere til meir bruk av nynorsk litteratur i dei andre barnehagane i kommunen

Påverka av Bergen
Lindås er nabokommune med Bergen, og den språk­lege påverknaden er sterk. Mange bergenserar flyttar til kommunen, og born og unge i kommunesenteret Knarvik snakkar ei bergensk­nær dialekt.

– Mange spør etter bøker på bokmål, og me ønskjer å vise at der finst gode nynorske alternativ.­ Borna skal bruke nynorsk på skulen, men språket er heile tida under press frå Bergen. Borna møter så lite nynorsk at målforma vert framand, og då vert det vanskeleg når dei skal bruke nynorsken sjølv, seier biblioteksjef Marit-Gro Berge.

Ho har kjøpt inn mange nye barnebøker på nynorsk. Dei skal samlast i fyldige bokkassar, som skal rullere mellom barnehagane. I tillegg har kvar barnehage fått ein bokpakke med ti bøker.­

Samarbeid mellom bibliotek og barnehage
Prosjektet Nynorske lesefrø er først og fremst eit samarbeid mellom biblioteka og barnehagane. Dette er den tredje runden i Nynorsksenter-prosjektet Nynorske lesefrø. 20 kommunar sende inn søknad om å få vere med, og dei fem som fekk positivt svar var Ål i Buskerud, Gaular i Sogn og Fjordane, Finnøy i Rogaland, Skodje i Møre og Romsdal og Lindås i Hordaland. Nynorsksenteret bidrar med kurshaldar til inspirasjon og pengar til å kjøpe bøker. Deltakarane set pris på begge deler.

– Me er med både for å få gode nynorskbøker og inspirasjon, seier Kristin Alver Hordnes.

Ho jobbar på småbarnsavdelinga i Nordhordland barnehage – Lykkeliten. Frå nabostolen nikkar kollegaen Marita Ådlandsvik, som jobbar med dei største borna i same barnehage.

– Det er noko med å møte ny litteratur. Det er godt å verte kjent med ny nynorsk litteratur. Dessutan er det viktig at me vert meir medvitne på korleis me bruker bøkene i kvardagen. Eit prosjekt som dette er eit godt verktøy i kvardagen, resonnerer dei to saman.

Faren ved simultanomsetjing
Denne torsdagskvelden presenterer formidlar Anne Marta Vinsrygg Vadstein frå Nynorsk­senteret nokre­ av dei nyare nynorske bøkene som passar for barnehageborn. Først tek ho seg tid til å minne om grunnane til at borna treng å verte lesne for.

– Mange foreldre og barnehagetilsette omset bøker til dialekt undervegs i lesinga. Då får kanskje ikkje borna møte skriftformer som «kvifor», «heim» og «hugse». Det er viktig at barnehageborn får høyre nynorsk tekst.

– Det er eit demokratisk prinsipp å gje alle born høve til å bli trygge i språket sitt. Borna vert bada i bokmål dagleg, og det er derfor viktig­ at dei tilsette i barnehagane presenterer dei for nynorsk. Det er ein rett den vesle lesaren og skrivaren­ har: å verte eksponert for skriftspråket dei skal lære, seier Vadstein.