Engelsk hot, nynorsk not?

Av Kristin Fridtun, forfattar og språkvitar

Når me oppfattar ord og vendingar som stygge eller fine, kule eller ukule, har det som regel lite med sjølve ordforma å gjera. Bokstavkombinasjonen eller ljoden av ordet rass er ikkje grov i seg sjølv, jamfør orda brasse og luftmadrass, som inneheld rass og likevel blir rekna som heilt fine. Nokre synest at det engelske ordet freedom er fint, medan nynorsk fridom er rart. Kva er det som går føre seg her?

Den lettaste måten å seia det på, er at språk og språkbrukarar flyt saman i ei underleg røre. Mange av dei norske orda som ofte blir oppfatta som grove, var i utgangspunktet temmeleg nøytrale ord i daglegtalen til folk. Oppteikningane til Ivar Aasen tyder på at ord som rauv, rassball, pissa, kuk og kuse var heilt vanlege namn på vanlege kroppsdelar og kroppsfunksjonar. Og der har me mykje av grunnen til at ord som urinera og vagina er rekna som finare enn pissa og kuse: Dei personane som nytta urinera og vagina, stod høgare på den sosiale rangstigen enn dei som nytta pissa og kuse.

Kva slags språkbrukarar ser folk føre seg når dei tenkjer på nynorsk? Det er velkjent at størsteparten av dei norske språkbrukarane bur i bokmålsområde og har lite kontakt med nynorsk og nynorskbrukarar i det daglege. Fordomane får friare spelerom, og det vert lett å assosiera nynorsk med noko gamalt, tregt og utdøyande. Somme trur oppriktig at nynorsk vert skrive av nokre få einstøingar inst i ein fjord.

Då stiller det seg annleis med verdsspråket engelsk. Her er språkbrukarane mange og mangslungne, og ikkje så reint få av dei har eigenskapar me ofte ser opp til: Dei er verdskjende, verdsvane, mektige, rike, fremst på sitt felt og så bortetter. I tillegg til dei faktiske språkbrukarane kjem alle dei fiktive: figurane i engelskspråklege filmar, seriar og bøker.

Medan engelsk er symbol for det mange trår etter, eit kult og gjerne urbant liv, står norsk – og særleg nynorsk – for alt det keisame, vesle og avstengde som unge folk plar lengta bort frå. Då hjelper det lite å peika på at engelsk er fullt av gamle nordiske ord, til dømes at window og vindauga i grunnen er same ordet. For vindauga vert likevel aldri så kult som window.