Bakom boka: Maria Parr

Kva skulle Maria Parr ønske at ho ikkje hadde tatt med i suksessboka Vaffelhjarte? Det kan du høyre om når Nynorsksenteret no kastar seg på podkastbølgja.

Maria Parr (35) frå Vanylven har berre gjeve ut to bøker, men dei har vorte ein massiv suksess. Begge bøkene er selde til ei rekkje land, og allereie for debutboka Vaffelhjarte vart ho nominert til Brageprisen. For boka om Tonje Glimmerdal fekk ho den høgthengande prisen.

Vaffelhjarte har i tillegg vorte ein populær TV-serie på NRK Super, og både den og Tonje Glimmerdal har også vore sette opp som teaterstykke.

No skriv Maria Parr den vanskelege tredjeboka, og ho tør slett ikkje å tru at den kjem til å gjere den same suksessen som dei to første. I podkasten fortel ho om korleis ho jobbar, og om kvifor Tonje Glimmerdal ikkje har mobiltelefon. Dessutan avslører ho kva ho skulle ønske at ho ikkje hadde tatt med i Vaffelhjarte.

Intervjuet med Maria Parr ligg på www.nynorskbok.no/bakom-boka/. Der finn du også eit intervju med Bjørn Sortland, gjort av Janne Karin Støylen. Dette er dei to første episodane i Nynorsksenteret sin podkastserie Bakom boka.