Det heiter faktisk «verda», ikkje «verden», altså!

Av Ingvild Sandø Rullestad

Sjå for deg dette: Eit klasserom på ein ungdomsskule, sentralt på Austlandet, elevane er mest opptekne av å vere ungdommar. Oppe ved tavla står ein ivrig lærar og ropar utover i klassen: «Å vere, er, var, har vore! Om det er noko de skal hugse, så er det dette!!!». Eleven som har vore minst engasjert, rekkjer opp handa, læraren anar eit håp om at no, nett no, har han skjønt kva det handlar om. Eleven får ordet og spør: «Men kva skal vi med nynorsk eigentleg?» Læraren sveittar, pustar tungt, det er berre eit par dagar igjen til heildagsprøva, og berre eit skarve år til eksamen. Læraren har på seg t-skjorta der det står: «Eg elskar nynorsk», har laga verbspel, og elevane har omsett Metallica-tekstar til nynorsk, men tida strekk ikkje til, og ho kjenner at det som kjem ut av munnen, er berre mas.

Eg har vore den læraren, som har gjort alt eg kunne for å motivere, inspirere og legge til rette for at elevane skulle bli gode i nynorsk, at dei skulle bli like glade i nynorsk som eg sjølv er. Men eg har ikkje alltid lykkast med det. Tida på ungdomsskulen er for knapp.

Sjølv fekk eg tidleg møte nynorsk, gjennom far min, som eg hugsar hadde klistremerket «Tal dialekt, skriv nynorsk» festa på gitaren sin. Han var vestlending, møtte mor mi i studietida, og flytte til hennar heimplass, Bessaker, ei lita bygd på Trøndelagskysten, der eg vaks opp. Vi hadde Norsk Barneblad heime, og eg kan ikkje hugse at eg tenkte så mykje over at vi hadde både bokmål og nynorsk på skulen.

Etter mange år på ungdomsskule ville eg prøve noko nytt, og søkte jobb på ein barneskule. Eg fekk fortsatt bladet «Nynorskopplæring» i posten, og det var her eg kom over ein annonse frå Nynorsksenteret om å vere med på prosjektet «Tidleg start». Eg var raskt ute med å søke, for dette ville eg vere med på! Eg hadde 6. trinn, var fortsatt sentralt plassert på Austlandet, og tenkte at no kan eg vere med på å gi desse elevane eit betre grunnlag for å meistre nynorsk.

Som sagt, så gjort. Eg fekk prosjektmidlar, som blei brukt til 52 billettar på framsyninga av «Brørne Løvehjarte» på Det Norske Teatret. Snakk om å få eit godt fyrsteinntrykk av nynorsk! Vi teikna også abonnement på Norsk Barneblad, og eg sjekka gamle opplegg frå da eg jobba på ungdomsskulen. Eg oppdaga fort at mange av opplegga eg hadde var innlæring av grammatikk. Her måtte eg tenkje nytt. For kva var målet? Eg ville gi elevane eit godt fyrsteinntrykk i møtet med frøken Nynorsk, og no hadde eg det ikkje så travelt. Eg og frøken Nynorsk kunne bruke langt tid saman med elevane før dei skulle bli kjende med herr Eksamen og fru Karakter. Eg ville gi dei ei oppleving av nynorsk som eit levande språk, og at dette var lett og morosamt. Eg sette i gang og visste ikkje heilt kva det var eg gav meg ut på.

Elevane var positive, og eg tenkte at no måtte eg også få foreldra på mitt lag. Eg informerte dei om prosjektet og oppmoda foreldra til å snakke om nynorsk på ein positiv måte heime, sjølv om dei i si tid var av dei som hadde «Spynorsk Mordliste» i sekken. Eg har også informert foreldra undervegs i prosjektet, og dei har alle vore positive. I tillegg valde eg å sette av ein time i veka til nynorsk, og har fortsett med det på sjuande.

Vi starta med eit teikneserieprosjekt der elevane skulle gjere om eit dikt til ein teikneserie. Opplegget fann eg på Nynorsksenteret sine heimesider. Opplegget var ein mjuk start, for dei skulle berre skrive det same som stod i diktet, og dei trong ikkje kunne noko om nynorsk. Elevane tolka dikt og laga sine eigne teikningar av dikta. Blant anna las vi diktet «Ivar Aasen og katten hans», og mine elevar trudde derfor lenge at Ivar Aasen var ein fyr som reid på prærien og drakk øl.

Eit anna opplegg som vart ein suksess, var da elevane laga sine eigne biletbøker. Målet var at dei skulle lese bøkene for andre klasse, så her var mottakaren allereie klar. Elevane jobba etter klare kriterium, boka skulle vere på seks sider, passe for ein i andre klasse og måtte derfor vere enkel å forstå. Eg var redaktør for boka, og elevane måtte innom meg for å få teksten språkvaska. Eg var opptatt av å skryte av at dei hadde forsøkt seg på å skrive nynorsk, og snakka aldri om at noko var feil, men at det var eit flott forsøk. Eg såg at når ei gruppe hadde fått tilbakemelding på språket, så var dei raske med å hjelpe dei andre gruppene. «Det heiter faktisk «verda», ikkje «verden», altså». Dei vart kvarandre sine hjelparar. Og eg skrytte til heile klassen om ein elev sjølv hadde funne ut at det heitte «skorne» og «ete». Eg let dei gjette på kva det riktige ordet kunne vere, og i staden for å gje dei svaret på kva «haust» var på nynorsk, så gav eg dei heller eit anna eksempel. For om «rød» blir «raud», kva blir «høst» da trur du? På den måten var det elevane sjølv som sat på fasiten, og dei hugsa det betre til neste gong dei skulle skrive.

Eg opplevde at dette var eit opplegg som fenga, og dei var motiverte av at dette skulle lesast for andre klasse. I tillegg fekk eg ein ide, og sende ein e-post til NRK Super. Eg trudde vel ikkje at dei ville komme, men tenkte at det skada ikkje å prøve. Nokre timar seinare ringte dei og ville komme allereie dagen etter. Elevane var i fyr og flamme; tenk at nynorsk er så kult at ein kjem på TV for det! Eg var evig takksam og glad for kvar krone i TV-lisens. Snakk om gratis reklame for både prosjektet og nynorsk!

Sjå innslaget på Supernytt: Lærer nynorsk tidlig

Eit anna opplegg dei også likte godt, var da vi skreiv postkort. Det som kanskje overraska meg mest her, var faktisk det at dei fleste aldri hadde skrive postkort. Men dei sette i gang, eg viste dei kor adressa skulle stå, og dei skreiv til kven dei ville. Igjen var eg redaktør og såg gjennom teksten. Vi fekk frimerke og sende postkorta til kusiner i Halden, nynorskskrivande bestemor i Tromsø, og nokre sende til naboen. Og det var stor stas da mange av dei faktisk fekk svar!

Mykje av arbeidet eg har gjort har vore nybrottsarbeid. Eg har prøvd meg fram, snakka med Nynorsksentret og med bibliotekarar for tips og råd. Eg fekk ei liste over barne- og ungdomsbøker på nynorsk, og biblioteket fann fram alle bøkene for meg. Vi hadde nynorske bøker ståande i klasserommet, samtidig som klassen var med på lesekampanjen «Bokslukerprisen». Elevane las nynorsk og bokmål, anbefalte kvarandre bøker dei likte, og etter kvart gløymde dei om boka var på bokmål eller nynorsk. Då eg var på Nynorskkonferansen i fjor haust og fekk høyre om «Tid for ti», kom denne leseaksjonen som bestilt. Vi har i vår lese utdrag frå gode bøker for sjuandeklasse og diskutert og jobba med oppgåvene som er med. Snakk om gåvepakke for norsklærarar på mellomtrinnet!

Eg ser at det er ein fordel at når ein skriv nynorsk, så skal det ha ein tydeleg mottakar. Når elevane veit at andre enn læraren skal lese det dei skriv, så vert dei meir nøye på korleis dei skriv. Mykje av det vi har gjort har derfor hatt ein tydeleg mottakar, vi har lese nynorske biletbøker for førsteklasse, skrive biletbok for andreklasse og postkort til familie og vener.

Elevane har også vore positive til prosjektet, og dei følte seg utvalde: «Tenk at det berre er tre andre skular som er med på prosjektet, i heile Noreg!». Eg har heile tida snakka med elevane og evaluert undervegs, så dei har også blitt høyrde med tanke på kva som har fungert og ikkje. Dei har kome med ynske og forslag til vegen vidare. Etter sjette trinn gjennomførte eg ei evaluering saman med elevane, og eg lurte på kva dei syntest om å vere med på prosjektet. Eg fekk svar som: «Jeg har lært at nynorsk er mye morsommere enn vanlig norsk, og vanligvis er norsk mitt favorittfag etter K&H», og «Alt har vært morsomt, på grunn av dette elsker jeg nynorsk». Og eg toppa det heile med å gi alle ein button der det stod «I love Nynorsk» på. Elevane syntest det var stas! For målet mitt var å gi elevane ei god oppleving av nynorsk som eit levande språk, og eit skriftspråk dei kunne meistre.

No når mine to år som lærar og nynorskentusiast for denne gjengen er over, håper eg at dei er betre rusta til møtet med fru Karakter og herr Eksamen, når dei no går hand i hand med frøken Nynorsk. Og eg håper sjølvsagt at lærarane på ungdomskulen ser ein skilnad, at dei møter motiverte elevar som kan mykje frå før. Så slepp dei å sveitte, mase og føle at tida ikkje strekk til.