Gift med nynorsken

I 2008 tok eg offentleg ut skilsmisse frå nynorsken. Fem år seinare var eg gift med henne igjen.

Av Brynjulf Jung Tjønn

Med kronikken «Farvel til nynorsken» i Aftenposten gjekk eg høgt ut og sa at eg aldri skulle skrive bøker på nynorsk igjen. Nei, heretter var eg bokmålsforfattar. Kvifor? Jo, den urbaniserte odelsguten (altså meg) hadde funne ut at det var så forferdeleg vanskeleg å skrive korrekt nynorsk etter seks år i hovudstaden. Ikkje snakka eg dialekt lenger, fordi eg måtte jo prate slik at oslofolk skjønte kva eg sa. Og når eg i tillegg jobba i VG og andre medium kor det berre vart nytta bokmål, var det kanskje ikkje så rart at eg heile tida var forvirra når eg skulle skrive bøker på nynorsk.

Det høyrer også med til historia at eg alltid har hatt dårleg sjølvtillit når det gjeld rettskriving i nynorsk. Eg har til dømes store vanskar med å skrive rett kjønn: om det skal stå ei, ein eller eit, har eg aldri fått dreisen på.

Under arbeidet med min andre roman, Lyden av noen som dør, prøvde eg å tøye mest mogleg nynorskgrenser: prosjektet mitt var å skrive ei mørk og brutal historie på mest mogleg knotete nynorsk. Der eg kunne smette inn bokmålsord, gjorde eg det med stor glede. Eg nytta «noen» i staden for «nokon», sjølvsagt «noe» i staden for «noko», -ig-endingar i staden for -eg-endingar og slik balla det på seg. Bokmeldaren i Dagbladet skrytte av romanen og tykte det var synd at eg ikkje skulle skrive meir på nynorsk. Bokmeldaren i Dag og Tid slakta boka og skreiv at dette var «lyden av nynorsken som døyr».

Men eg heldt på mitt. No var eg bokmålsforfattar. Året etter gav eg ut mi første bok for barn og unge og mi første bok på bokmål, I morgen skal vi sitte i solen. Den fekk gode meldingar. Eg følgde opp med Kinamann i 2011, som fekk heller blanda mottaking. I arbeidet med desse bøkene kjende eg på noko eg ikkje torde å seie til nokon, heller ikkje innrømme for meg sjølv: Noko hemma meg. Eg kjende ikkje igjen forteljarstemma. Det som stod der, var sjølvsagt mine tankar, mi dikting, men språket, det var ikkje meg. Det var eit språk som kven som helst kunne ha skrive. Det same problemet oppstod når eg skulle lese høgt frå desse bøkene. Å lese bokmål høgt er ikkje lett for ein som er oppvaksen i Sogn. Det høyrest rart og stivt ut. Tonefallet som eg lærte meg i Feios, passar ikkje med bokmålsspråket.

Då forlaget mitt, Cappelen Damm, lurte på om eg kunne bidra med ei novelle til ein antologi for ungdom, der temaet var «Tapt og funnet», sette eg meg ned for å skrive. Men same kva eg forsøkte, så gjekk det ikkje. Bokmålsspråket ville seg ikkje. Det hjelpte meg ikkje. Det eg skreiv, var utan kjensler, utan sjel, utan særpreg. Så ein kveld tenkte eg: Kva om eg prøver på nynorsk?

Resultatet: Eg skreiv ferdig novella på ein time, sende til forlaget og dei gav tommelen opp. Denne novella på seks sider er også dei første seks sidene i det skulle verte Så vakker du er, som vann Brageprisen i 2013.

Så vakker du er startar med setninga: «Eg hugsar aller best dei gule tennene hans». Denne setninga hadde eg hatt liggande lenge, på bokmål. «Jeg husker aller best de gule tennene hans». Eg visste at det var ei interessant opning på ein roman, men eg klarte ikkje å kome vidare. Først då eg skreiv om til nynorsk, losna det.

Kvifor?

Eg har dei siste åra skjøna at skrivinga, eller skal vi seie diktinga mi, ligg tett opptil mitt eige liv. Alt eg skriv om, handlar om kjensler eg sjølv har kjent eller sjølv leitar etter. Kven er eg? Og kva er eg? Etter at eg i 2011 reiste tilbake til Sør-Korea for å finne ut meir om bakgrunnen min, fann eg ut at eg hadde blitt funnen på ein togstasjon utanfor Seoul to år gamal. Eg blei frakta til ein barneheim og budde der i eitt år før eg kom til Norge. I to år har eg mest truleg hatt nære omsorgspersonar. Så har noko skjedd. Eg kom bort frå dei. Eg hamna på barneheim. I eitt år levde eg utan nokon som stod meg nær, før eg plutseleg vart send til den andre sida av jordkloden, tre år gamal, og fekk nytt namn, ny identitet.

Identitet. Å vekse opp i Feios i Sogn og Fjordane er også ein viktig del av identiteten min. Nynorsken er såleis også ein grunnleggande byggestein for kven eg er. Eg som skriv, eg som er forfattar, korleis kunne eg finne på å byte ut det fremste og viktigaste verktøyet eg har, det nynorske språket, med bokmål!

Hadde eg ikkje gått tilbake til nynorsken, hadde eg aldri skrive Så vakker du er. Eg hadde aldri vunne Brageprisen. Eg hadde kanskje aldri blitt seld til Tyskland eller Danmark. Eg hadde aldri fått sett romanen min bli dramatisert. Eg hadde aldri skrive den siste boka mi, Den finaste historia. Begge mine to siste bøker er blitt drivne fram av det nynorske språket.

Det er ikkje så stor skilnad på å vere bokmålsforfattar og nynorskforfattar. Eg har prøvd begge delar. Metoden er heilt lik: Du sit der og skriv på ein tekst som skal bli til ei bok. Verktøyet er ein datamaskin, og den gjer ikkje forskjell på bokmål og nynorsk. Men for meg er det stor skilnad på resultatet, det som står på skjermen.