Til deg mellom boka og barnet

– Alle born har eit potensial for å kunne like å bli lesne høgt for! Slik svarer Maria Parr på spørsmålet om det er mogleg å få alle born til å bli glade i bøker. Dette svaret kan bidra til å justere­ krava vi legg på oss sjølve som vaksne formidlarar mellom boka og barnet. Det kan hjelpe oss til å legge lista passeleg høgt, og til å sette oss eit mål det er mogleg å nå. Det dreier seg om å realisere dette potensialet for leseglede. Ved å lese høgt. Sjølv har Maria Parr skrive to bøker der målet hennar nettopp var gode lesestunder. Ho har kort sagt lukkast!

– Høgtlesing vil eg setje to strekar under, seier forfattaren. Men kva skal vi lese? Og korleis?

Barneboka i kulturpolitikken
Dei siste tiåra har ein offensiv kulturpolitikk­ anført av innkjøpsordninga for ny, norsk skjønn­litteratur gjort det både kunstnarleg og økonomisk­ attraktivt å skrive godt, også for born. Forfattar­ane som fornyar den norske­ barne­bok­tradi­sjonen,­ skriv seg opp mot litterære­ kvalitets­krav og tek mindre omsyn til pedagogiske­ siktemål. Kritiske­ røyster hevdar at mange av bøkene­ dermed heller ikkje tek omsyn til barnelesaren og barneperspek­tivet. Vurderinga varierer, men det gjer også littera­turen; Den store oppbløminga av ny, norsk barne­litteratur inneber eit breitt spekter­ av tekstar av alle slag. Det gjeld å nå alle med ei bok, og no finst det ei bok for alle!

Når opplæringsmålet er eit mindre brukt språk
Mange av dei fremste barnebokforfattarane våre skriv på nynorsk, slik som Maria Parr gjer. Men for den nynorske barnelesaren er den språklege kvardagen prega av at nynorsk er eit mindre brukt språk i den norske offentlegheita. Born som skal ha nynorsk som opplæringsspråk i skulen, møter oftast bokmålet når dei er små, både gjennom tv og data. Og i bøker. Dermed er dei lite eksponerte for skriftspråket sitt før dei byrjar på skulen. Dette kan barnehagen vege opp for. Ikkje minst gjennom å bruke dei nye nynorske­ barnebøkene.

Gode bøker har eit rikare og meir variert­ ordforråd enn den munnlege samtalen. Skriftspråket­ har vanlegvis ein meir avansert grammatikk, fleire­ nyansar og klarare struktur enn talespråket.­ Ungane tileignar seg dette gradvis når vi les mykje­ for dei. Dei får eit rikare språk. Eit rikare mål. Ungane lærer det skriftspråket dei ser og høyrer. Les difor høgt på nynorsk, syn ungane skriftbileta, la bøkene ligge framme!

Leseglede framom boka – og bak
Kva kjenneteiknar bøker som gjev gode lese­opplevingar, anna enn eit godt språk? Dei beste for­teljingane vender seg til det felles­menneskelege­ i oss på ein slik måte at dei kan lesast på nytt og på nytt. Det er slik dei etter kvart kan bli klassikarar.­ Historia vil bli levande på nye måtar for den lesaren­ det gjeld, same kvar og kven han er. Den gode boka er god på tvers av tid og stad. Eller kanskje trass i tid og stad. Det einaste den gode barneboka treng, er ein som les og ein som lyttar. Eitt krav må likevel gjelde om du skal få realisert potensialet barnet har for å like å bli lese for: Du må like boka sjølv. Om målet er leseglede, må du lese ei bok som gleder deg!