Tilhøvet mellom offisielle normer og faktisk språkbruk i nynorsk

(Innlegget vart fyrste gongen publisert på Språkprat.)

Av Stig J. Helset, førsteamanuensis i norsk språk ved Høgskulen i Volda

Det særmerkte med språksituasjonen i Noreg er ikkje at vi har fleire offisielle språk. Slik er det til dømes også i Sveits, der både tysk, fransk og italiensk er offisielle språk. Det særmerkte er at norsk skriftspråk har to offisielle målformer, nynorsk og bokmål, som båe har stor valfridom når det gjeld staving og bøying, og som dermed kan bli temmeleg like kvarandre. I dette innlegget skal vi først sjå kort på kvifor vi har fått denne særmerkte språksituasjonen, før vi skal sjå nærmare på korleis valfridomen i den offisielle norma for nynorsk blir brukt i faktiske tekstar.

Hald fram å lesa Tilhøvet mellom offisielle normer og faktisk språkbruk i nynorsk

Om å finne si eiga stemme i skrifta

Av Hege Lende Sørbråten, masterstudent

Gjennom mine 10 år som elev i norsk grunnskule, og 3 år på vidaregåande skule, var norsk det skulefaget eg fann mest glede i. I norsktimane fekk eg lov til utvikle språket mitt og å uttrykke meg på mitt etter kvart heilt eige språk. Eg kunne fantasere, kommentere samfunnet, sette ord på alt som rørte seg inne i ein overaktiv barne- og ungdomshjerne. Eg fekk rett og slett ein stad å lufte kjenslene og tankane mine. Da eg fleire år seinare tok utdanning som lærar, hadde eg ein bachelorgrad i nordisk språk og litteratur i bagasjen. Ei utdanning eg ofte har kjent at eg har måtta forsvare. Fordi «kva kan ein eigentleg bli?». Mitt motto gjennom desse åra har vore at ved å studere språk og litteratur, studerer ein ikkje berre ord, ein studerer sjølve livet. Store ord, men for meg har det vore sanninga. Gjennom orda eg har lese og skrive, har eg lært mykje om både meg sjølv, verda og andre menneske. Men mest om meg sjølv. Og når eg no er i ferd med å ta skrittet ut i skulen for n-te gong i livet, denne gongen som lærar, er dette det viktigaste eg tar med meg.

Hald fram å lesa Om å finne si eiga stemme i skrifta