Songrepertoaret i barnehagen

For ikkje mange vekene sidan vart det publisert forsking frå HiOA som viser dei tjue mest brukte songane i norske barnehagar. Dette er uslitelege barnesongar med nokre fellestrekk: Det er enkle songar i dur, i to-takt, om tema som kroppen, dyr og fuglar. Barnehagen er ein overføringsarena for tradisjonar, og mange legg stor vekt på å syngje songar som ein veit at heimane også kan. Kanskje er det også slik at nokre songar blir sett på som nærast «heilage» i norske barnehagar, og at det er særleg viktig å kunne desse songane etter nokre år i barnehagen. I den ferske fagboka «Nynorsk med dei minste» skriv Lena Skjerdal om songen i barnehagen. Ho peikar på kor viktig det er at songrepertoaret i barnehagen ikkje er statisk, men at det er i utvikling og må brukast aktivt for å kunne haldast ved lag. Det er tid for å sjå nærare på kva for songar vi brukar i barnehagen, og korleis vi kan utvikle repertoaret for å auke song- og musikkgleda og samstundes arbeide med språkstimulering. Hald fram å lesa Songrepertoaret i barnehagen