– Alt startar med forteljinga

Alt startar med det munnlege. Eg fortalde før eg kunne skrive. På kveldane, når dei vaksne hadde sagt god natt, låg eg i overkøya og fortalde til munnen vart tørr og småsøskenpusten gjekk jamt og fråkopla i undersengene. Forteljingane vaks ut av seg sjølve og vart levande. Og alt dette fanst lenge før bokstavane. Kvifor gløymde eg det?

Av Maria Parr
Hald fram å lesa – Alt startar med forteljinga