Det heiter faktisk «verda», ikkje «verden», altså!

Av Ingvild Sandø Rullestad

Sjå for deg dette: Eit klasserom på ein ungdomsskule, sentralt på Austlandet, elevane er mest opptekne av å vere ungdommar. Oppe ved tavla står ein ivrig lærar og ropar utover i klassen: «Å vere, er, var, har vore! Om det er noko de skal hugse, så er det dette!!!». Eleven som har vore minst engasjert, rekkjer opp handa, læraren anar eit håp om at no, nett no, har han skjønt kva det handlar om. Eleven får ordet og spør: «Men kva skal vi med nynorsk eigentleg?» Læraren sveittar, pustar tungt, det er berre eit par dagar igjen til heildagsprøva, og berre eit skarve år til eksamen. Læraren har på seg t-skjorta der det står: «Eg elskar nynorsk», har laga verbspel, og elevane har omsett Metallica-tekstar til nynorsk, men tida strekk ikkje til, og ho kjenner at det som kjem ut av munnen, er berre mas.

Hald fram å lesa Det heiter faktisk «verda», ikkje «verden», altså!

Om å vere god på begge bein – om å bruke både bokmål og nynorsk

Av Ragnfrid Trohaug, seniorredaktør for barne- og ungdomslitteratur ved Samlaget

Det er vanskeleg å bruke fotballmetaforar utan å hamne i klisjéfella, men eg kan ikkje anna. For når eg tenker på mitt forhold til dei to ulike skriftvariantane av norsk, når eg tenker på bokmål og nynorsk, kjenner eg med éin gong lukta av nordnorske grusbanar og kjensla av forstadsliv nord for polarsirkelen på åttitalet, eg hugsar attende til den gongen lærar heitte frøken og sekk var ransel. Eg hugsar kjensla av lærelyst og utprøving, eg hugsar triksing med fotball og bokstavar, om einannan. Eg hugsar då eg skjønte at det var lurt å vere god på begge bein.

Hald fram å lesa Om å vere god på begge bein – om å bruke både bokmål og nynorsk