Skam om 17. mai og overgrep

Foto: NRK
Chris, Eva, Noora, Vilde og Sana på veg inn på valdtektsmottaket på nasjonaldagen. (Foto: NRK)

Det er mange av oss som syng «Fagert er landet» av Anders Hovden på 17. mai. Det er ein vakker salme. Bjørka sprett, bunadssølja klirrar på bunadsbrystet og kvitveisen strekkjer seg mot sola. Flagga veivar i vinden. Vakre mai. Månaden då fridom, demokrati og individrettar vert feira. I løpet av nasjonaldagen må dei av oss som følgjer med på Skam, innom for å sjå korleis jentene i Skam feirar 17. mai. Jammen har dei ikkje brukt Fagert er landet, der òg! Hald fram å lesa Skam om 17. mai og overgrep