Rett i fanget på formidlaren

Tekst: Toril Engesæter, bibliotekar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane

Ved biblioteket på Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) er me så heldige at me får høve til å sende dei beste nynorske barnebøkene rett i fanget på barnehagelærarstudentar, ikkje berre til bruk ved skulebenken, men til bruk i barnehagen. Kinderegg blir ei stussleg samanlikning, her får me meir enn tre ting på ein gong! Hald fram å lesa Rett i fanget på formidlaren

Heilt supert, NRK Super!

– Eg betaler NRK-lisens med glede!

Du tenkjer kanskje at det var ein merkeleg ting å seie. Eg skal fortelje deg kvifor. Kvar gong eg betaler lisensen, tenkjer eg at det gjer NRK Super i stand til å produsere mange ulike program. Dei lagar dokumentarseriar om born og viser mangfaldet i barnekulturen, dei tek borna på alvor, har «ekte folk» i tillegg til animasjonsfilmar og liknande, og ikkje minst har dei mange program med nynorsk tale og ulike dialekter.

Hald fram å lesa Heilt supert, NRK Super!