Gjesteinnlegg: Eg, Ivar Buraasen!

Ole Ivar Burås Storø. Foto: Julia Naglestad / B13.no
Ole Ivar Burås Storø. Foto: Julia Naglestad / B13.no

Det er namnet eg for tida går under i Foreningen !les og vår nynorske leseaksjon, Tid for ti. Sjølv er eg frå Bjerkvik i Nordland og fostra opp på bokmål pluss den lokale dialekta, men det hindrar meg ikkje i å ta utfordringa ved å leie ein nynorsk leseaksjon. Sjølvsagt ikkje.

Det er rart at eit ord som nynorsk kan skape så mykje frustrasjon. Både blant unge og gamle. I heile landet. Eg meiner, det finst då andre ting enn nynorsk å vere frustrert over. Til dømes servitørar som svarar dei har Pepsi når du spør om dei har Cola. Vel, no skal ikkje eg prøve å analysere kva det er med nynorsken som får så mange til å hisse seg opp. Eg skal heller prøve å seie noko om mi eiga oppleving av nynorsk (litteratur) og formidlinga av den. Før og no.
Hald fram å lesa Gjesteinnlegg: Eg, Ivar Buraasen!