Vi feirar barnehagedagen 2016 med høgtlesing!

Illustrasjon: Ragnar Aalbu
Illustrasjon: Ragnar Aalbu
Barnehagedagen vert markert 1. mars og handlar denne gongen om barnehagen sitt arbeid med god språkutvikling. I dette arbeidet er høgtlesing sentralt, og mange barnehagar legg til rette for gode leseopplevingar for barna. Her er nokre tips de kan bruke denne dagen – og alle andre dagar!
Hald fram å lesa Vi feirar barnehagedagen 2016 med høgtlesing!

Lesefrøa fell i god jord

Iver_Handsopprekking
Kursdeltakarar frå fire barnehagar i Lindås kommune: Solhaugen barnehage, Alversund Montessoribarnehage, Kolås barnehage og Nordhordland barnehage – Lykkeliten

– Har de tenkt på at de barnehagetilsette er viktige språklege førebilete for borna?

Ein heil vegg av bøker er delvis gøymd bak det kvite lerretet. Projektoren i taket durar lett, og lukta av klementinar smyg seg ut av fruktskålene. Femti barnehagetilsette frå fire barnehagar i Lindås kommune er på kurs på biblioteket for å oppdatere kunnskapen om nyare nynorske barnebøker.
Hald fram å lesa Lesefrøa fell i god jord