Med boka på tur: Vi har vore på vår sjette barnebokturné

Klart vi les! Nynorsk barnebokturné skal gje tilsette i skule og barnehage auka kompetanse om nynorsk litteratur og litteraturformidling til born. Vi ynskjer å stimulere til medvit om språkbruk og lyfte fram den nynorske barnelitteraturen gjennom besøk til bibliotek, skular og barnehagar rundt om i fylka i følgje med forfattar og formidlarar.

Hald fram å lesa Med boka på tur: Vi har vore på vår sjette barnebokturné

Å, jul med di glede og leselyst …

Vi er no komne langt inn i adventstida, og julaftan er like rundt hjørnet. Kanskje har du allereie fått på plass julepynten og julelysa, kanskje til og med juletreet. Adventstida er kosetid med stor K, og for mange er det ei tradisjonsrik tid på året. Julepynt og kaker har stått i butikkhyllene sidan oktober, og no er julehefta òg på plass. Det bognar over med tilbod av varer som lovar å sikre den rette stemninga, men lite er vel meir stemningsvekkjande avslappande enn mørke kveldar i sofakroken med eit julehefte i hendene.
Hald fram å lesa Å, jul med di glede og leselyst …