Korleis kan musikk vere utgangspunkt for undervisningsopplegg til serien Skam?

Ungdom er veldig opptatte av musikk, og derfor er det ofte takknemleg å bruke musikk i undervisningsopplegg.

I Skam er musikk ein viktig del av den multimodale forteljinga. Mange av dei mest populære scenene har vore knytte til musikk, og artistar som har vorte brukte i Skam, som Gabrielle, har vorte svært populære i utlandet. Med andre ord: Musikk betyr mykje for ungdom og er ein viktig føresetnad for å nå målgruppa. Hald fram å lesa Korleis kan musikk vere utgangspunkt for undervisningsopplegg til serien Skam?

5 tips til nynorskundervisning i vidaregåande opplæring

Nynorskundervisninga i den vidaregåande skulen har ofte vore knytt til enkelte tema meir enn andre. Temaa har ofte vore grammatikkundervisning, dialektlære, språkhistorie og lyrikk. Det trengst difor ei fornying av nynorskundervisninga i vidaregåande opplæring. Ein kan formulere nokre av desse behova på følgjande måte: Hald fram å lesa 5 tips til nynorskundervisning i vidaregåande opplæring

Skam om 17. mai og overgrep

Foto: NRK
Chris, Eva, Noora, Vilde og Sana på veg inn på valdtektsmottaket på nasjonaldagen. (Foto: NRK)

Det er mange av oss som syng «Fagert er landet» av Anders Hovden på 17. mai. Det er ein vakker salme. Bjørka sprett, bunadssølja klirrar på bunadsbrystet og kvitveisen strekkjer seg mot sola. Flagga veivar i vinden. Vakre mai. Månaden då fridom, demokrati og individrettar vert feira. I løpet av nasjonaldagen må dei av oss som følgjer med på Skam, innom for å sjå korleis jentene i Skam feirar 17. mai. Jammen har dei ikkje brukt Fagert er landet, der òg! Hald fram å lesa Skam om 17. mai og overgrep