Gjesteinnlegg: Eg, Ivar Buraasen!

Ole Ivar Burås Storø. Foto: Julia Naglestad / B13.no
Ole Ivar Burås Storø. Foto: Julia Naglestad / B13.no

Det er namnet eg for tida går under i Foreningen !les og vår nynorske leseaksjon, Tid for ti. Sjølv er eg frå Bjerkvik i Nordland og fostra opp på bokmål pluss den lokale dialekta, men det hindrar meg ikkje i å ta utfordringa ved å leie ein nynorsk leseaksjon. Sjølvsagt ikkje.

Det er rart at eit ord som nynorsk kan skape så mykje frustrasjon. Både blant unge og gamle. I heile landet. Eg meiner, det finst då andre ting enn nynorsk å vere frustrert over. Til dømes servitørar som svarar dei har Pepsi når du spør om dei har Cola. Vel, no skal ikkje eg prøve å analysere kva det er med nynorsken som får så mange til å hisse seg opp. Eg skal heller prøve å seie noko om mi eiga oppleving av nynorsk (litteratur) og formidlinga av den. Før og no.

Eigentleg har eg aldri meint noko særleg om nynorsk. Verken positivt eller negativt. Ikkje slik å forstå at eg har vore knakande likegyldig. Eg har berre aldri vore utagerande på grunn av sidemålet. Ropt at eg hatar det, ikkje skjønar poenget med å lære det og at det heller burde heite spynorsk. Eg har heller ikkje strødd omkring meg med frasar som «boka var så bra at eg ikkje merka at ho var nynorsk» eller «nynorsk er eit slikt poetisk språk». Eg har berre etter beste evne lese og skrive nynorsk når eg har vore nøydd til det. Eg er jo som sagt ein bokmålsmann. Det har vore mitt språk, og det har eg skrive og i størst grad lese. Munnleg held eg på den nordnorske dialekta mi til trass for at eg har budd i Oslo dei siste 20 åra.

Men noko har skjedd i løpet av dei snart ni åra eg har jobba i Foreningen !les. Eg har ikkje stått ansikt til ansikt med Ivar Aasen og blitt omvend, viss det er det du trur. Nei, det er ikkje noko religiøst som har oppstått, sjølv om du kan seie at den nynorske himmelen har opna seg. «Openberringa» er ikkje eit resultat av at den allmektige språkguruen har fått meg til å konvertere frå bokmål til nynorsk. Det er i all enkelheit berre konsekvensen av ein ni-til-fire-jobb. For som tilsett i Foreningen !les får eg lett oversikt over kva slags bøker som finst og som blir utgjevne på nynorsk. Med betre oversikt og tilgang på bøker, har også terskelen for å lese nynorsk blitt mindre. Og med gode bokpresentasjonar har lysta til å lese nynorsk litteratur auka. Noko meir avansert enn tilgang og formidling er det eigentleg ikkje, men det hjelper sjølvsagt at bøkene er gode.

Ved å få moglegheita til å lese nynorsk litteratur, har eg oppdaga at eg jo beherskar sidemål og at eg er glad for at eg gjer det. Det gjev meg endå fleire fine leseopplevingar. Ein skulle kanskje ikkje tru at ei slik erkjenning var mogleg frå ein som dreiv med banale diktanalysar av nynorske travarar og fekk den eine dårlege karakteren etter den andre på dei nynorske stilane han leverte på skulen. Eg hugsar til dømes at eg ein gong fekk i stiloppgåve å drøfte fordelar og ulemper med speleautomatar i butikk. Ikkje verdas mest spennande utgangspunkt, men utan å kladde først skribla eg ned fire sider om problemstillinga. Som takk for innsatsen fekk eg ein toar i retur. Og det var sikkert like mykje på grunn av svakheiter med nynorsken som svake meiningar for og mot speleautomatar i butikk. Kva meinte eg om det den gongen, korleis formulerte eg argumenta mine? Eg anar ikkje, men det var nok både naivt og tungrodd. Enkle påstandar og eit skrøpelig språk, vil eg tru, som «eg tykkar at», «eg tykkar ikkje at».

Norsklæraren masa på samtlege elevar om at vi måtte lese meir nynorsk. Berre slik kunne vi bli betre. Men det blei liksom ikkje gjort. I alle fall ikkje frå mi side. For kva skulle eg lese? Det freista ikkje ein pubertal gut langt utanfor kjerneområda å lese dei nynorske ringrevane. Det fanst heller ingen, i litterær forstand, Maria Parr, Lars Mæhle, Tor Arve Røssland eller Ingelin Røssland då eg var barn og seinare blei ungdom. Ingen Carl Frode Tiller, Frode Grytten, Marit Eikemo eller Agnes Ravatn då eg gjekk på Frydenlund vidaregåande skule i Narvik og leita etter meg sjølv. Det fanst ein Jon Fosse, Kjartan Fløgstad og Ragnar Hovland, men deira litteratur gjekk meg hus forbi. Eg skuldar på ein normal tenåringsignoranse meir enn inkompetanse hos norsklæraren og skulebibliotekaren. Eg var for mykje oppteken av andre ting enn kva slags godbitar sidemålet hadde å by på. I ettertid kan ein jo seie at det var dumt av meg å ikkje vere meir nysgjerrig på litteraturen. Fordi litteraturen opnar opp, gjev meg augo til å sjå verda, men han gjev meg også ein reiskap til å bli ein betre lesar, skrivar og pratar. Nett det norsklæraren forsøkte å seie, og nett det eg sjølv i dag prøver å formidle til ungdom. Har eg møtt meg sjølv i døra? Det kan sjå slik ut. Samstundes er noko annleis for dei unge i dag. Ja, betre vil eg seie. For i dag finst ei heilt anna breidde. Fleire bøker, i fleire sjangrar, i fleire format. Dessutan er det mange aktørar som legg til rette for at bøkene skal nå fram til lesarane. Det er heilt andre litteratur- og formidlingstilbod no enn då eg gjekk på skulen. Verken Foreningen !les eller Nynorsksenteret eksisterte til dømes på den tida. Skule- og folkebiblioteka var heller ikkje like attraktive stadar å vere som dei no er mange plassar. For sjølv om det i dag er færre filialar, er fleire bibliotek svært innbydande rom å opphalde seg i for barn, ungdom og vaksne.

Ein blir ein betre nynorskbrukar, og mindre nynorskhatar, av å få formidla nynorske bøker. Det er det ingen tvil om. Elevar i ungdomsskulen har til dømes fleire gonger kåra nynorske bøker til vinnarar av Uprisen – årets ungdomsbok. Det er fordi dei har fått moglegheita til å lese bøkene, og dermed oppdaga at mange av dei er gode. I vidaregåande skule høyrer vi blant anna om elevar med samisk som førstespråk som ikkje har noko problem med å lese nynorsk og som anbefaler bokmålselevar å gjere det, fordi dei kjem til å bli betre til å lese og skrive av det. I 2014 vann Agnes Ravatn Ungdommens kritikarpris for romanen «Fugletribunalet» (Samlaget). Ungdomsjuryen meinte boka «tar for seg det mest grunnleggende i mennesket: Det store ønsket om å bli elsket og frykten for å bli avvist. Og hva skjer egentlig om man stoler blindt på noen?». Altså noko om korleis litteraturen kan overførasr til deira liv som menneske. Fleire gutar i ein yrkesfagklasse på Østlandet, som deltok i Ungdommens kritikarpris i 2015, trekkjer til dømes fram «Dommedøgn» (Flamme) av Kjersti Wøien Håland som si favorittbok blant dei nominerte. Dei likte boka fordi den handla om noko dei kunne kjenne seg att i. Ho tok opp noko aktuelt, og dermed hadde gutane eit språk og eit utgangspunkt for samtalar, blant anna om nedlagde industriarbeidsplassar, distriktspolitikk og deira arbeidsmarknad i framtida. Ergo: Når litteraturen grip deg og opnar opp, så er det uvesentleg om han er på bokmål eller nynorsk.

Tilgjengelegheit, formidling og opplevinga av å bli teken på alvor som lesar, er viktig for korleis ein utviklar engasjement for lesing og litteratur. Det er viktig for korleis ein blir introdusert for og inkludert i eit lesande fellesskap, og vidare får moglegheita til å utvikle ein leseidentitet og ei interesse for litteratur. Dette gjeld både litteratur på bokmål og nynorsk. Men skal vi gje fleire sjansen til slike opplevingar via den nynorske litteraturen, må den i større grad eksponerast for lesarane. Litteraturen må formidlast, formidlast og formidlast. Han må synleggjerast og presenterast på ein spennande måte for dei potensielle lesarane rundt omkring i Noreg. Ikkje berre i kjerneområda, men i samlege fylke. Og gjerne tidlegare enn på ungdomsskulen. Samstundes må vi utvikle formidlarrolla i skulen, biblioteka og bokhandlane, men også i heimen. Vi må gje lærarar, bibliotekarar, bokhandlarar og foreldre meir kjennskap til kva slags nynorsk litteratur som finst, og korleis dei kan engasjere og lokke unge lesarar inn i bøkene. Bøkene må koplast med lesarane, og vi som jobbar med formidling av litteratur har eit hovudansvar. Vi sitt på kunnskap om bøker og formidling, og må derfor bidra til at lesarane finn fram til bøkene dei vil lese og bøkene dei ikkje visste dei ville lese.

I Foreningen !les har vi bestandig eit mål om at minst 25 prosent av bøkene vi formidlar skal vere på nynorsk. Ofte lukkast vi med det, men også vi kan bli flinkare til å bruke nynorsk litteratur meir aktivt i formidlinga. Tid for ti inneheld ein antologi med utdrag frå berre nynorske ungdomsbøker, valde ut til elevar på sjuande trinn. Ei eiga nettside, tidforti.no, følgjer med prosjektet. Her er tekstane, lydfiler til utdraga, bonusmateriell, aktivitetar, konkurransar og lærarrettleiing. Lærarar over heile landet har meldt på nærare 15 000 elevar. Ein slik respons seier mykje om kva slags interesse for nynorsk litteratur som finst blant lærarar og elevar, men det indikerer også at det er eit behov for fleire nynorske litteraturtiltak for barn og ungdom. Som prosjektleiar med røter frå ei bygd i Nord-Noreg har eg teke mot til meg og skrive nettsaker og epostar på nynorsk. Ikkje alltid heilt korrekt, men eg gjer det for det. Eg prøver meg fram, eg lærer mens eg skriv. Eg skriv jo denne bloggen på nynorsk. Over 1600 ord ein laurdag formiddag. Eg er i ferd med å få ein nynorsk habitus. Eg er i ferd med å bli Ivar Buraasen – også privat. Det er heilt greitt for meg. Eg er jo den same for det.

Av Ole Ivar Burås Storø