Valfritt sidemål er sjølvmål

Den offentlege debatten om sidemålsopplæringa er prega av populistiske utspel og upresis bruk av omgrep. Det kan vere behov for ei avklaring om kva dette handlar om.

«Valfritt sidemål» er ei usliteleg sak som mange aksjonistar ser ut til å ha stor tru på. Nesten kvar veke kan ein lese avisoppslag frå ulike kantar av landet med framlegg om dette. I dei fleste høve er det unge lokalpolitikarar frå høgresida som står bak. Av og til får desse med seg eit fleirtal i eitt eller anna folkevalt utval, nokre gongar til og med i heile kommunestyret. Resultatet er alltid mykje mediemerksemd og støtte i ymse nettforum og lesarbrevspalter, men sjeldan noko meir. Sjansen for at Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet skal godkjenne ein slik søknad, er nemleg svært liten.

Den viktigaste årsaka til det er opplagt: Grunnlaget for all undervising i norske klasserom – frå første klasse til med tredje vidaregåande – er gjeldande læreplan, med tilhøyrande kompetansemål. I norskfaget er opplæring om og i alle variantar av norsk omtala på alle trinn, også i småskulen og på mellomtrinnet. Nynorsk (eller bokmål) er altså ikkje noko eige fag i skulen som kan veljast vekk.

I lese- og skriveopplæringa er det sjølvsagt lagt mest vekt på opplæringsmålet (bokmål eller nynorsk), men elevane skal også lære om det andre språket og alle dei munnlege variantane av norsk. Dette går klart fram av kompetansemåla.

Ei eventuell godkjenning av «valfritt sidemål» i ei eller fleire kommunar vil med andre ord bety at elevane her vil få norskundervising i eit fag med ein heilt annan profil enn det vi har i dag. Eit norskfag utan tematisering av det norske språkmangfaldet vil bryte med ein svært lang og tung tradisjon, basert på hevdvunnen norsk språk- og kulturpolitikk. Å tru at ein kan få med seg direktorat, departement eller andre ansvarlege organ på ei slik radikal omlegging, er difor lite realistisk.

Kva så med valfri sidemålseksamen? Det er vel eit mindre omfattande krav enn «valfritt sidemål», og dermed noko som kan gjennomførast utan dramatiske endringar i sjølve læreplanen?

Svaret er både ja og nei.

Det er godt mogleg å etablere ordningar utan eigen standpunktkarakter og eigen eksamen i eit emne (t.d. sidemål), men det betyr ikkje at elevane då ikkje skal vurderast i dette emnet. Det er som før nemnt alltid kompetansemåla i fagplanen som er retningsgivande. Så lenge norskplanen – for alle klassetrinn – har krav om opplæring om og i alle variantar av norsk, skal denne kompetansen vere ein del av grunnlaget for faglærarane og sensorane si vurdering av det faglege nivået til kvar einskild elev. Det kan skje ved gradert karakter eller ved annan type munnleg eller skriftleg tilbakemelding.

Om det faglege nivået i norskfaget skal synleggjerast i ein, to eller tre karakterar på vitnemålet, er både eit strategisk og pedagogisk spørsmål. Det finst gode grunnar både for å halde på dagens ordning med inntil tre karakterar, men også for å redusere til ein eller to.

I juni 2013 opna Kunnskapsdepartementet for forsøk med færre norskkarakterar på åttande og niande trinn og på vg 1 og vg 2. Mange ungdomsskular og vg-skular over heile landet er no godt i gang, og forsøka blir evaluerte av Utdanningsdirektoratet. I tillegg har Nynorsksenteret og Skrivesenteret heilt frå hausten 2013 hatt eigne arbeidsseminar med ei gruppe vg-skular som er med på forsøket. Oppsummering og evaluering av desse forsøka kjem i løpet av 2016–2017.

Lokale utspel om «valfritt sidemål» har ofte eit provinsielt preg, utan nasjonalt perspektiv. Det kan difor også vere på sin plass med eit par påminningar om det norske språklandskapet anno 2016:

Sidemål er ikkje synonymt med nynorsk. Nesten hundre tusen elevar i store deler av landet har bokmål som sidemål. I alt finst det over 500 000 nordmenn som helst skriv på nynorsk når dei står fritt til å velje.

Læreplanane frå første klasse til og med tredje vidaregåande er felles for heile landet. Eventuelle endringar i sidemålsordninga vil altså gjelde også for dei som har bokmål som sidemål. Det finst ordningar for dei som av ulike grunnar treng tilpassa opplæring, men å ha ein norskplan for Tromsø, ein annan for Sogn og ein tredje for Stavanger – med tilhøyrande eigne eksamenar – er ikkje aktuell opplæringspolitikk i Noreg i dag.

Det finst ikkje forsking som stør påstanden om at elevane blir flinkare i hovudmålet ved å kutte ut sidemålsopplæringa. Tvert om er det mykje som tyder på det motsette. Dess flinkare du er i andre språk, dess flinkare blir du i førstespråket. Det gjeld også såpass nærskylde skriftspråk som nynorsk og bokmål.

Med lett tilgang til to skriftspråk og mange ulike variantar av munnleg norsk har skuleelevar i Noreg eit glimrande utgangspunkt for å bli flinke og bevisste morsmålsbrukarar. Men det føreset meir og betre sidemålsundervising, ikkje mindre.

Valfritt sidemål er sjølvmål.