Kloke ord frå nord

Ein time sørover, så to timar nordover. Vegen mellom distrikta i Noreg går sjeldan i rett linje. Denne gongen går turen frå Volda, via Gardermoen og vidare til Harstad. Eg er på tur for Nynorsksenteret, og er invitert for å delta på fagdag for norsklærarane i kommunen. Slike turar er ofte dei mest interessante.

På veg til Kila skole får eg skyss med ein lokal helt, ein tidlegare yrkesfaglærar som var innom maskinistyrket før han no har enda som taxisjåfør. – Eg blei lei av å vere lærar, seier han. Og eg tenker at dette var litt av ein start for meg som skal bruke dagen på å motivere norsklærarar. Men drosjesjåføren har meir på hjartet. Som lærling i vaksen alder fekk han ein tidlegare elev som overordna. – Det viste meg kor viktig gode relasjonar er i møte mellom elev og lærar, heldt han fram. – Det er godt å kunne sjå kvarandre i auga med godt samvit.

Godt samvit
Harstad kommune bør ha godt samvit. Dei har fagdagar for alle lærarar i kommunen, på tvers av skoleslag og årstrinn. Dagen i dag er derfor norsklærarar frå alle barne- og ungdomsskolar til stades på Kila skole for å diskutere norskfaget. Alle har sett av dagen til å planlegge korleis dei skal samkøyre sidemålsundervisninga si frå første til tiande årstrinn. Ja, du les rett. Harstad har innsett at dersom ein skal ta læreplanen på alvor, så må ein tenke sidemål allereie i første klasse. På den måten aukar både det språklege medvitet og den språklege toleransen blant elevane.

– Vi opplever jo elevar som i iveren endar opp med å skrive svensk i dei første sidemålstekstane, forklarer ein av lærarane på ungdomstrinnet. – Men ein kan jo ikkje klandre eleven. Det er vår oppgåve som norsklærarar å bruke nok tekstar på nynorsk til at han lærer forskjellen på svensk og nynorsk, held ho fram.– Det held ikkje med nokre få enkelttimar om sidemål, dersom ein skal ha godt samvit som norsklærar. Å lære sidemål er eit langvarig prosjekt, slår ho fast!

Ute av syne, ute av sinn?
Å lære sidemål er å lære eit skriftspråk. Og å lære eit språk tar tid. Derfor er òg kompetansemåla om sidemål spreidde utover frå første til tiande trinn. Ser ein derimot på kompetansemåla kvar for seg, er ikkje dei lange linjene like lette å få auge på. Då kan punkt som «lese på bokmål og nynorsk» fort omsetjast til «lese på hovudmål», og den tidlege eksponeringa for sidemålet bli borte. Å utsetje sidemål til ungdomstrinnet er kanskje bekvemmeleg for ein barneskolelærar, men det gjer språklærarjobben til ungdomsskolelæraren vanskeleg.

– Vi ønskjer å samarbeide med dei andre barneskolane, gjerne gjennom eit fellesmøte med ungdomsskolane, slik at vi har eit likt syn på kva som må til ved overgangen til ungdomstrinnnet, poengterer ein norsklærar ved ein av barneskolane. Dersom ein utset å tematisere sidemålet til ungdomstrinnet, tar ein ikkje elevane på alvor. Då blir sjokket stort når det går opp for elevane at dei skal kunne både bokmål og nynorsk like godt etter tiande trinn.

Harstad kommune gjer altså noko smart. Ved å samle norsklærarar frå både barne- og ungdomstrinnet på ein felles fagdag, kan dei sjå kompetansemåla under eitt. For sidemålsopplæringa betyr det å starte tidleg. Er du i tvil om dette er vegen å gå? Hugs formaninga frå sjåføren ved Harstad Taxi. – Du veit aldri kvar du møter att elevane dine, då er det greitt å vite at ein gjorde jobben sin etter boka …

Lenker:
1) Eit tydelegare sidemål for grunnskulen
2) Tidleg start med nynorsk