Liste lettar nynorsk som sidemål

Norsklærar Marianne Følling på Steinkjer vgs. har laga ei eiga ordliste for å lære vekk nynorsk som sidemål. Her forklarer ho korleis lista vert brukt i undervisinga.

For nokre år sidan var eg på eit kurs i skrivedidaktikk for lærarar i vidaregåande, med mange gode og konkrete tips til skriveopplæringa. Det var der eg fann ut at det finst ein søkefunksjon i Word, og at ein lett kan søke etter enkeltord og setningar i dokumentet. Dette er det heilt sikkert mange som kjenner til og bruker, men for meg var det ukjent. Eg unnskylder meg med at eg aldri eigentleg har fått noka opplæring i bruken av Word, så det var nærmast ei openberring da dette omsider kom for ein dag. Det har endra mykje på måten eg jobbar med skriveopplæringa på, ikkje minst i nynorsk, som er sidemålet til elevane i Trøndelag. Tekstane deira ber ofte preg av at dei er mest vane med bokmål, både når det gjeld enkeltord og setningsbygning, og ofte har det kjenst litt motlaust å stadig måtte rette dei same bokmålsorda i tekst etter tekst.

Etter kurset sette eg meg ned og laga lista. For mange trønderske elevar er det ein del dialektord som går igjen, som mein, sei og ska i staden for meiner, seier og skal, så eg skreiv inn dei vanlegaste dialektorda i lista og. Desse orda er typiske gjengangarar for mange trønderske elevar, mens elevar i andre delar av landet vil ha andre dialektord som kanskje går igjen. Det positive er at dei har dialekta i tankane når dei skriv nynorsk, ein må berre bli van med å få rettskrivinga på plass. Kor mange gonger har eg ikkje kommentert at dei må sjå etter desse orda når dei les korrektur. Kor mange gonger eg har sagt at «de må ikkje skrive «man» på nynorsk». At det ikkje skal gå an å høyre etter …! Ein periode limte eg inn ein djevel-emoji bak «man» når eg retta, utan at det hjelpte nemneverdig … Eg trur kanskje ikkje eg er den einaste norsklæraren som har gremma meg over akkurat dette. Men no, no var den tida over. Aldri meir, tenkte eg. Dette skulle endre alt. Glad og fornøgd presenterte eg lista for norskklassen. Viste dei kor søkefunksjonen var, og korleis dei skulle søke. Søk etter alle orda i lista, formana eg.

Så kva skjedde da eg skulle rette tekstane? Sanneleg var det framleis «være», «en» og «man» om ein annan. Kva var dette? Snakkar eg så til dei gradar for døve øyre? Her måtte eg gå dei nærare etter i saumane. Samtalar med ein og ein. «Kvifor har du ikkje retta opp i dette?! Svar meg!» Det viste seg å vere ulike årsaker. Fleire hadde rett og slett ikkje skjønt korleis dei skulle søke etter orda, og i staden for å spørje valte dei den enklaste utvegen – å ikkje gjere noko med det. Nokon hadde søkt, men det viste seg at dei skreiv litt for fort og slurva med bokstavane, derfor fekk dei ikkje treff i søket. Andre hadde ikkje fått tid til å redigere, mens nokon ikkje hadde funne sjølve lista i It’s learning. Mange hadde sjølvsagt fått det til og, eg overdriv litt her no. Men poenget er at eg må stadig vekk følgje dei opp slik at dei blir vane med å bruke lista aktivt. Dei må vise meg at dei får til å søke etter orda i teksten. Når dei har knekt denne koden, er det motiverande for mange at dei kan få ned feilfrekvensen raskt, og at det til og med kan utgjere ein karakter i skilnad viss dei får vekk dei mest typiske feila. Det er og verdt å nemne at dei kan bruke lista som hjelpemiddel under eksamen, både på ungdomsskolen og i vidaregåande.

Er alle frustrasjonar forbi no som vi bruker denne lista? Sjølvsagt ikkje. Eg må stadig minne dei på å bruke ho, men elevane har blitt meir bevisste på korleis dei bruker lista, det er ein stad dei kan begynne å gjere noko for å rette opp i teksten med enkle grep, og vi kan gå vidare og sjå etter andre moment i tekstane dei skriv. Det har blitt mykje mindre av ord som «man», «en» og «et» osv., og viss desse orda likevel dukkar opp i teksten så er rådet mitt at dei må bruke lista, for viss dei ikkje er villige til å arbeide med å redigere sjølv, er det liten vits i at eg kommenterer alle feil som må rettast. Mange skriv eigne lister over kva dei skal søke etter. Ikkje alle treng å søke etter akkurat dei orda eg har skrive opp, så dei kan fjerne dei orda dei har kontroll på, og legge til det dei har mest bruk for. Slik blir dei meir fokuserte når dei redigerer tekstane sine. Dette gjeld ikkje berre for nynorsk. Her om dagen hadde vi ei skriveøkt i hovudmål, og eg fekk spørsmål om eit avsnitt i ein tekst og såg at ordet «også» gjekk igjen. Eg bad eleven om å søke etter ordet, og det vart treff i veldig mange setningar. Det er eit godt hjelpemiddel for å endre på setningsbygninga og få meir variasjon i teksten.

Ikkje minst har eg sjølv blitt meir bevisst på korleis eg rettar og gir respons på elevtekstar. Eg har nok vore av dei som rettar kvar minste feil eg finn. Sjølv om eg eigentleg veit at det ikkje er nyttig, klør det nærmast i fingrane etter å rette det når eg ser feil. Ein yrkesskade venteleg. Men eg har skjerpa meg, eg lover. Eg prøver å peike på eitt eller to fokusområde – avhengig av kva kvar enkelt treng å jobbe med. I tillegg til å peike på det som er bra, så klart. Smilefjes er betre enn ein hissig djevel 🙂