Vi feirar barnehagedagen 2016 med høgtlesing!

Illustrasjon: Ragnar Aalbu
Illustrasjon: Ragnar Aalbu
Barnehagedagen vert markert 1. mars og handlar denne gongen om barnehagen sitt arbeid med god språkutvikling. I dette arbeidet er høgtlesing sentralt, og mange barnehagar legg til rette for gode leseopplevingar for barna. Her er nokre tips de kan bruke denne dagen – og alle andre dagar!

Boktips

Det er ein elefant i barnehagen av Bjørn T Bøe er ei humoristisk og spennande bok om jakta på elefanten i barnehagen. Maren høyrer ein rar lyd. Det er ikkje ein vanleg barnehagelyd. Kan det vere ein … elefant? Dei vaksne seier at det ikkje finst elefantar i barnehagen, men kva kan lyden elles vere? Maren er sikker i si sak – det må vere ein elefant i barnehagen. Og den elefanten skal ho finne.

Dagen opp ned av Martine Grande er ei bok for litt yngre barn. Her møter vi flaggermussystrene Ida og Oda som vaknar om morgonen og oppdagar verda på nytt, når det ikkje er natt. Og dagen er full av rare lydar dei ikkje kjenner frå før.

MonsMariusMons Marius er ei løve av Bente Bratlund handlar om Mons Marius som skal i barnehagen. I den travle morgonstunda kan alt skje. Skund deg, seier mamma. Men då blir Mons Marius ei … marihøne, ein apekatt, ei løve og mykje anna.

Monster i mørket av Áslaug Jónsdottir, Kalle Güettler og Rakel Helmsdal handlar om to gode monstervener. Veslemonster er skvetten. Han blir redd for den minste ting. Storemonster, derimot, er modig og ikkje redd nokon ting. Ei bok om tjuvar, villdyr og bestevener.

Andre bøker finn du på nynorskbok.no

Leseaktivitetar i barnehagen

Biletboka som utgangspunkt for å lage klippe-og-lime-forteljingar i barnehagen
I denne ressursen vil vi sjå nærare på korleis ein kan bruke illustrasjonane i den første Jakob og Neikob-boka som inspirasjon for å lage eigne forteljingar og kollasjar.

Lage avis med utgangspunkt i ei bok de har lese
Film om tekstskaping i barnehagen. Barna samarbeider om å lage avis med utgangspunkt i bøker dei har lese.

Lesestund med dikt
Gjennom høgtlesing av forteljingar, dikt og regler kan barn leike med språket.