Om å finne si eiga stemme i skrifta

Av Hege Lende Sørbråten, masterstudent

Gjennom mine 10 år som elev i norsk grunnskule, og 3 år på vidaregåande skule, var norsk det skulefaget eg fann mest glede i. I norsktimane fekk eg lov til utvikle språket mitt og å uttrykke meg på mitt etter kvart heilt eige språk. Eg kunne fantasere, kommentere samfunnet, sette ord på alt som rørte seg inne i ein overaktiv barne- og ungdomshjerne. Eg fekk rett og slett ein stad å lufte kjenslene og tankane mine. Da eg fleire år seinare tok utdanning som lærar, hadde eg ein bachelorgrad i nordisk språk og litteratur i bagasjen. Ei utdanning eg ofte har kjent at eg har måtta forsvare. Fordi «kva kan ein eigentleg bli?». Mitt motto gjennom desse åra har vore at ved å studere språk og litteratur, studerer ein ikkje berre ord, ein studerer sjølve livet. Store ord, men for meg har det vore sanninga. Gjennom orda eg har lese og skrive, har eg lært mykje om både meg sjølv, verda og andre menneske. Men mest om meg sjølv. Og når eg no er i ferd med å ta skrittet ut i skulen for n-te gong i livet, denne gongen som lærar, er dette det viktigaste eg tar med meg.

I dagens skriftleggjorde samfunn, der sosiale medium utgjer ein stor del av kvardagen til vaksen som ung, og ein i stor grad kommuniserer med andre menneske gjennom skrift, er nettopp dei skrivne orda viktige. Det er gjort mykje forsking på ungdoms språk i sosiale medium, og det har blitt konkludert med at måten ungdom skriv på i sosiale medium, er ei form for identitetsdanning og identitetsmarkør. Ein utviklar sitt eige personlege språk, og brukar til dømes dialekt og snakkeskriving (omgrepet vart lansert av Rotevatn i 2014) for å markere kven ein er og kor ein høyrer heime. Også vaksne gjer dette i stor grad, fann eg i ei undersøking eg gjorde i samband med mitt pågåande mastergradstudium i nynorsk skriftkultur. Delen som brukar snakkeskriving i uformelle samanhengar er betydeleg også for dei som ikkje har vakse opp med tilgang til sosiale medium. Ein konklusjon var at for vaksne er det å snakkeskrive eit positivt val, slik tidlegare forsking har vist at det også er for ungdom. Dei fleste som skriv til dømes dialekt i sosiale medium, gjer det fordi dei veit det passar seg, og dei nyttar sjansen til å bruke språket som identitetsmarkør. Utfordringa er sjølvsagt å klare å endre språk når ein byter sjanger, noko som skjer fleire gongar om dagen.

Det at så mange, i alle aldersgrupper, brukar snakkeskriving, meiner eg viser at i dagens skriftleggjorte samfunn er det å finne sitt eige språk, sin eigen måte å uttrykke seg på, enda viktigare enn for berre nokre år sidan. Og desto viktigare er det å ikkje samtidig miste evna til god kommunikasjon gjennom skrifta. Eg meiner også at grunnlaget til denne evna blir lagt i skulen. Det språket eg fekk utvikle i norskfaget, har vore med meg sidan, og for ein introvert som ikkje var veldig munnleg aktiv verken i timane på skulen eller i friminutta, var nettopp det skriftlege språket svært viktig for meg. Det var mitt. Som vaksen ser eg at takka vere dyktige norsklærarar som let meg bruke mitt eige språk samtidig som dei guida meg i bruken av det, har eg lett for å uttrykke meg i forskjellige medium. Å snakkeskrive i sosiale medium med vener og kjente, men òg å skrive korrekt, godt og forståeleg i meir formelle samanhengar, utan å føle at eg mister mitt eige uttrykk av den grunn. I dag er barna og ungdommane, i mykje større grad enn eg var, skriftleg aktive i kvardagen. Det er derfor naturleg å tenkje seg at behovet for å uttrykke seg på ein god måte i skrift er enda viktigare.

For meg er norsk eit fag som handlar om noko meir, noko større, enn «berre» språk og litteratur. Det handlar for meg om identitet og sjølvutvikling. Om å forstå seg sjølv og andre betre. Og om å betre takle den skriftlege kvardagen vi lever i. Eg vil jobbe for at elevane mine skal finne si eiga stemme, og lære å bruke den i det havet av skriftlege medium dei blir kasta ut i allereie som barn. Det treng dei, og det fortener dei.

 

Tips til vidare lesing:

  • Larsen, Leif Johan (2005). «Identitet, dannelse og kommunikasjon». I: B. K. Nikolaysen, & L. Aase (Red.): Kulturmøte i tekstar. Litteraturdidaktiske perspektiv. Oslo:, Samlaget. (s.87–105)
  • Penne, Sylvi (2001). Norsk som identitetsfag. Oslo, Universitetsforlaget. Utdrag: s.31–48
  • Rotevatn, Audhild Gregoriusdotter 2014: Språk i spagaten. Facebook-språket. Om normert språk og dialekt blant vestlandselevar (Masteroppgåve, Høgskulen i Volda). Volda: Høgskulen i Volda
  • Aase, Laila (2005). «Norskfaget – skolens fremste danningsfag?» I: K. Børhaug, A-B. Fenner og L. Aase (Red.) Fagenes begrunnelser. Skolens fag og arbeidsmåter i danningsperspektiv. Bergen: Fagbokforlaget (s.67–85)