Frå Labolina til Svarte-Mathilda

Sommaren er definitivt over, og det blir mørkare og mørkare for kvar kveld. Skal du ut og gå, er det lurt med refleks. Om det er tørt ute, høyrer du krasinga frå lauv under skosolen, eller så kan regnet bøtte ned så du lurer på om det aldri vil slutte. Kanskje kikar du over skuldra di ein ekstra gong for å sjå om det går nokon bak deg? – Hysj, kva var den lyden? Du skundar deg heim, låser døra raskt bak deg før du vrengjer av deg regnjakka med valne fingrar.

Det er innetid og lesetid, og knapt noko er så stemningsfullt som å krype under pleddet med ei god bok seinhaustes, både åleine og med eit barn i armkroken. Snart er det halloween, og det passar bra med ein ekte grøssar, både for dei som er for eller imot knask og knep. Her kjem nokre boktips for små barn, skulebarn og ungdomar. – Låg, middels og høg grad av grøss.

Laban og Labolina

Dette er klassikarar som du finn på Nasjonalbiblioteket.no og kan lese på ein stor eller liten skjerm.

Vesle Laban spøkelse får ei syster og Kvar er Labolinas Millimina av Inger og Lasse Sandberg er snillskumle bøker for dei yngste.

Klar, ferdig, spøk!

Denne biletboka fortel historia om det vesle spøkjelset Børre. Han er av det engstelege slaget, og han kjenner seg for liten til å spøkje på store stader. Den store draumen til Børre er å finne eit lite, koseleg hus å spøkje i. Finn han det, skal tru?

Av Elizabeth Baguley, illustrert av Marion Lindsay.

Den mystiske skulen

Svartedama, Spøkelseshunden og Ånda i glaset er tre bøker om livet på Den mystiske skulen. Bøkene er på nivå to i Leseland-serien, og passar for elevar som klarer å lese små tekstmengder. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar.

Jenta i Blindgata

Jenta i Blindgata tilbyr lesaren eit møte med det overnaturlege kombinert med illustrasjonar som tilfører forteljinga spennande element og passeleg mengde grøss-faktor.

Nivå to i Leseland.

Varehuset

Les på eige ansvar! Ester har funne draumekjolen. Kvar gong ho går til skulen, ser ho han i butikkvindauget. Ein dag går Ester inn og tek med seg kjolen til prøverommet. Ho beundrar kjolen i spegelen og gløymer tida heilt. Så oppdagar ho at senteret har stengt! Først er det ganske spennande å vere åleine med alle varene (og godteriet!). Men då Ester forstår at ho ikkje er åleine, blir det ganske uhyggjeleg …

Nivå tre i Leseland

Frida F

Då Frida F fylte ti år, fekk ho ei gåve av mor si. Det var slett ikkje ei gåve ho hadde ønskt seg, det var ei fin, gammal porselensdokke. Mor til Frida F hadde kjøpt dokka fordi ho likna på det snille barnet ho så inderleg ønskte seg. Men Frida F var ikkje snill. Når Frida F og dokka vert åleine, skjer det saker og ting.  Denne boka passar for elevar på 4.–7. trinn, og høyrer til i Leseland for eldre barn og ungdom.

Reisa til verdas farlegaste land

Det er ikkje noka hemmelegheit: ungar elskar å bli skremde, iallfall så lenge det er i ei leiken og fantasifull form. Simen Hagerup si gjendikting av Malte Perssons Reisa til verdas farlegaste land tek barna med på ei spøkelsesreise gjennom eit hus med mange rom og mange grufulle opplevingar. Du møter fæle kjemper, kvesande tussar, ei rufsete prinsesse og gigantiske sjøuhyre. Dette er ein eventyrroman i biletbokformat, og passar godt for elevar i barneskulen.

Svartedalen

Av Atle Hansen

Kva gjer du når du høyrer mystiske stemmer frå kjellaren i ei forlaten løe, djupt inne i Svartedalen, der du absolutt ikkje skulle gå? Nokre gongar vert det opp til dei i notida å rydde opp i hendingane i fortida, sjølv om det kan bli farleg. Dette skal verte den beste og verste sommaren nokon gong.

Svartedalen er ein lettlesen grøssar for ungdom.

Svarte-Mathilda I, II og III

Tor Arve Røssland er ein meister i å skrive skumle forteljingar for ungdom. Han koplar hendingar i notid med livet på garden Langetun i Hardanger, der legenda om Svarte-Mathilda har røtene sine.

Den tredje boka om Svarte-Mathilda er mørkare og skumlare enn dei to første.

Glimt

Av Tor Arve Røssland

Boka har to tidsplan og to ulike historier som kapitla i boka vekslar mellom. Solveig si historie finn stad i 1940, medan Jon lever i notida. Uforklarlege ting tek til å skje i ungdomshuset om nettene, og Jon bestemmer seg for å setje opp eit videokamera for å prøve å få teke opptak av det som skjer. Dette er ei bok som det er vanskeleg å leggje frå seg!