Få fart på skrivinga med skrivestartarar

Har du nokon gong tenkt på at du kan innføre «skrivekvart» som ein fast vane, på same måten som mange har fast «lesekvart»?

Av Marit Wadsten, Nynorsksenteret

Gir du elevane ein skrivestartar, ei eiga bok å skrive i og set dei i gang, kan mykje vere gjort. Her får du nokre tips til korleis du kan hjelpe elevane dine med å trene skrivemuskelen.

Elevane må trene på å skrive, og dei må skrive mykje for å bli gode skrivarar. Men det blanke arket kan vere ein stor og skremmande barriere for mange. Jau då, dei veit at det gjeld å komme i gang med å skrive, og dei vil gjerne også, men kva skal dei skrive, og korleis skal dei starte?

Skrivesenteret har laga ei ressursside der du får ei rekke med skrivestartarar. Du kan bruke dei anten nynorsk er hovudmålet eller side­målet til elevane dine. Her er eit eksempel på ein skrive­startar:

«Skriv ei melding til læraren der du forklarer kvifor du kom for seint på skulen i dag. Ver kreativ og litt dristig!»

Gode skrivestartarar som inspirerer og motiverer­ til skriving, har ofte personlege vinklingar og gir heilt konkrete oppgåver og instruksjonar knytte­ til detaljar og situasjonar som det er lett for elevane å gripe fatt i og spinne vidare på. Du kan også lage ei open startsetning til skrive­startaren du har valt, det vil seie ei setning som ikkje er avslutta, som elevane skriv ned før de startar skrivinga, og som dei så kan fortsette på og slik starte teksten sin med.

Sprutskriving
Når elevane er blitt litt vande med «skrivekvart», kan de gjerne innføre «sprutskriving» også. Dette vil seie at elevane får skrivestartaren, start­setninga,­ du seier «klar, ferdig, gå!», og så skriv dei alt dei orkar på ei fastsett tid, t.d. fem eller ti minutt, utan å løfte blyanten frå arket. Set på ei stoppeklokke som ringer når tida er ute, og då er det ikkje lov til å skrive meir.

For at dette skal fungere godt for alle elevar, er det lurt at dei slepp å dele teksten sin, dersom dei ikkje vil. Eit knep her kan vere å gi dei ei farge, t.d. «gul», som dei skal skrive om og om og om igjen dersom det stoppar opp med inspirasjonen til eigen tekst. Medan dei skriv «gul gul gul gul gul …», vil dei ofte få nye innfall og komme i gang igjen med sin eigen tekst, og då er det berre å fortsette. Målet med dette er rett og slett berre å halde skrivehanda i gang utan å stoppe opp, for her som elles gjer øving meister.

Den amerikanske pedagogen Kelly Gallagher seier at skrivarar treng å trene på skriving, på lik linje med målaren som treng å trene på måle­teknikk, og basketspelaren som treng trening i ballteknikk (Skrivesenteret.no).

Du finn skrivestartarane på sida til Skrivesenteret:
www.skrivesenteret.no/ressurser/skrivestartere-som-utgangspunkt-for-kreativ-skriving/