Svaret finst på nynorsk

Av Per Magnus Finnanger Sandsmark, redaktør og dagleg leiar i Allkunne

Dei fleste av oss går rundt og lurer på noko. Den siste veka har eg lurt på kva Kygo eigentleg heiter, når Miljøpartiet Dei Grøne blei skipa, kva eit utjamningsmandat eigentleg er, kven Justin Trudeau er, kor ordet kiosk kjem frå og kvifor vi får ettermiddagsbyer på varme sommardagar. Eg arbeider med at alle desse opplysingane skal vere tilgjengelege på språket mitt og språket til over 70 000 elevar i skulen.

I både hovud- og sidemålsundervisninga er det viktig å syne at nynorsk er meir enn litteraturhistorie. Gi dei gjerne ein tekst om Donald Trump eller Side Brok frå oss i Allkunne. La dei sjå at språket kan nyttast til alt.

Sidan 2009 har Allkunne vore tilgjengeleg på nett. Først var vi eit leksikon for nynorsk kulturhistorie. Vi skulle ha biografiar og andre artiklar om den nynorske historia. Det har vi framleis, og neste år presenterer vi den nynorske litteraturhistoria. Sidan 2011 har vi publisert nynorsk kvalitetsinnhald om alle verdas emne. Vi har til dømes temaside om stortingsvalet, ei forside med oppdaterte artiklar om ei rekkje emne og kvissar om mange ulike tema.

Nokre artiklar er korte. Andre er lange. Alle er signerte med forfattar eller med rettigheitene vi har til verket. Alle tekstar er vurderte redaksjonelt og språkvaska før publisering. Vi manglar sjølvsagt mange artiklar, og artiklane kan vere lite oppdaterte. Det lærer også elevane av å sjå på og vurdere. Kva gjer ein tekst god? Kva leitte eg eigentleg etter? Kva vil eg ha svar på? Kva treng eg informasjon om på nett? Nøl ikkje med å ta kontakt med oss dersom de meiner vi bør prioritere eit emne høgare eller annleis enn vi gjer i dag.

Du finn oss på www.allkunne.no og på Facebook, Instagram og Twitter.