Fem skrivefeil du lett blir kvitt

Av Kristin Fridtun, forfattar og språkvitar

Finst det nokon som kan alle skrivereglane utanåt? Sannsynlegvis, men då snakkar me om ei ørlita gruppe med særmerkte individ. Størsteparten av oss blir aldri utlært, og det har sine gode sider, det òg: Då kan me jamt tileigna oss ny kunnskap og kjenna at vitet veks. Her er fem vanlege feil som er lette å leggja av seg.

Men før me tek til å velta oss i aksentar og kommareglar og bøyingsformer, kan me spørja: Kvifor finst det rette og galne skrivemåtar?

Fordi nokon har avgjort at me skal ha det slik. Naturen opererer ikkje med rettskrivingsreglar, det er det kulturen som gjer. Men kulturen ikkje gjera det: Ein skriftkultur kan greia seg fint utan offisielt fastsette skriftnormer. I alle fall fanst det ingen strenge rettskrivingsreglar då den norrøne litteraturen vart skriven – berre lokale konvensjonar. Me har mange døme på at ein mellomalderskrivar har stava det same ordet på ulike måtar i ei og same tekst – ja, stundom på ei og same line!

Gamle konvensjonar er ei velkjent kjelde til lått og undring, både i språkvegen og elles. Vinjeboka, ei svartebok frå om lag 1500, inneheld ein bolk med lækjeråd mot hovudpine. Han opnar slik: «Ffor alskøns sÿwgæ i howz …» Det tyder: «For alskens sykjer i hovudet …»

Utdraget frå Vinjeboka er eit godt døme på at uvane skrivemåtar kan gjera ei tekst vanskeleg å forstå. Slik sett er det tenleg å ha visse rettesnorer for korleis me brukar språket skriftleg. Men kor stramme og strenge skal desse normene vera? Eit ord kan vel skrivast på ulike måtar utan at det går ut over forståinga? Det spørsmålet drøfter eg nærmare i innlegget «Valfrie former – kos eller kaos?», men eg har nytta temaet som utgangspunkt her òg. Nedanfor finn du fire skrivefeil som kan skapa problem for lesaren – og éin feil som knapt blir lagt merke til.

1 Særskrivingsfeil

Særskrivingsfeil vert ofte omtala som orddelingsfeil, men det er to ulike ting: Orddelingsfeil er å dela eit ord på feil måte, t.d. ved linjeskift. Særskrivingsfeil er å skriva lekkane i eit samansett ord kvar for seg, til dømes lamme lår i staden for lammelår. Stundom blir tydinga den motsette av det som var meininga, jamfør røyk fritt versus røykfritt. Andre gonger kan lesaren få rare bilete i hovudet og missa konsentrasjonen, som når det står krabbe klør og potet løp.

Fenomenet har dei siste åra blitt godt kjent gjennom Facebook-sida «Bilder i kampen mot særskrivingsfeil» og bøkene Ett ord og Ett ord bok 2 av André Ulveseter. Kampen er likevel ikkje vunnen.

2 Manglande komma etter relativsetning

Slapp av, denne kommaregelen er lett å læra seg, og du gjer lesarane dine ei stor teneste om du tek han i bruk. Eg støyter ofte på setningar som eg må lesa to eller tre gonger før eg skjønar kva bodskapen er, og grunnen er som oftast at denne regelen er broten.

Regelen er i grove trekk slik: Me set komma etter relativsetningar.

Ei relativsetning er eit slags adjektiv i setningsform: Ho gjev nærmare informasjon om noko(n). Til liks med andre leddsetningar inneheld ho minst eitt verb i presens eller preteritum. Relativsetningar er ofte innleidde med som eller der, men ikkje alltid. Nokre døme:

Den som søv, syndar ikkje.

Hotellet dei budde på i ferien, hadde symjebasseng og gratis is.

Dei som har vondt for å ta seg fram til fots, kan få skyss heilt bort til døra.

Jamvel om boka ho har skrive, er temmeleg lang, vonar ho at mange har lyst til å lesa henne.

3 Å venda seg til

I nynorsk skil me mellom venda (‘snu’) og venja (‘gje ein vane, øva opp’). Bokmål har same skiljet: vende og venne. Mange av oss uttalar dei to verba likt, og då er det lett å rota det til i skrift. Du kan venda deg til læraren og spørja om hjelp, men du kan ikkje venda deg til å vera heime åleine.

Etter reglane skal venja bøyast ven – vande – vant, men mange nynorskbrukarar bøyer det som a-verb: «Ein vennar seg til alt.»

4 Einkvar

Bokmålsordet enhver lagar mykje ugreie. Uttrykka «alle og enhver» (‘alle’) og «noen (og) hver» (‘mange’) blir ofte blanda saman og kjem ut som den sjølvmotseiande formuleringa «noen og enhver» (dvs. ‘nokon og alle’).

Mange nynorskbrukarar vil gjerne bruka enhver og køyrer på med einkvar, men det ordet finst ikkje i normert nynorsk. Me har ordet einkvan, men det tyder ‘ein eller annan, nokon’. I staden for einkvar kan du skriva alle, kvar (einaste), kvar og ein, kven som helst. Til dømes: Her er noko for kvar smak.

5 óg eller òg?

Me brukar aksentteiknet ` for å skilja adverbet òg (‘også’) frå konjunksjonen og. Språkrådet skriv: «Det er betre å sløyfe aksenten her enn å bruke feil aksent.»

Med andre ord: Skriv anten òg eller og, aldri óg.