Djupare læring med fagstoff på nynorsk

Lærebøker på nynorsk i andre fag enn norsk kan føre til djupare læring for bokmålselevar. Det er eitt av funna i masteroppgåva eg leverte i mai 2017. Eg har intervjua lærarar og elevar ved ein ungdomsskule og ein vidaregåande skule i bokmålsområde, der elevane har brukt nynorske lærebøker i andre fag enn norsk.

På den vidaregåande skulen erfarte læraren at læreboka tok større plass i undervisinga då dei las boka på nynorsk. Ho måtte bruke meir tid på å forklare ukjende ord og omgrep. Vanskelege ord tok dei i fellesskap, som då elevane las om «misferd» i læreboka.

– Eg hugsar til dømes ordet «misferd» då me heldt på med kriminalitet. Ordet betyr «for­seelse». Det hadde eg sjølv aldri kome på. Det er forseelse eg bruker, sjølv eg som nynorskbrukar. Då fekk me ein veldig fin diskusjon om innhaldet i omgrepet, og me kom fram til at det er tydelegare­ på nynorsk. Det er lettare å forstå kva som ligg i misferd enn i forseelse, sa læraren i intervjuet.

Her går læraren ut av fagstoffet, legg vekt på det språklege og får ein diskusjon med elevane om kva fagordet betyr. Dermed får elevane lære både språk og fagstoff. Det er akkurat slik den australske­ språkforskaren Mary Macken-Horarik (1998) meiner lærarar­ skal jobbe. Ho seier elevane først treng hjelp til å forstå det grunnleggjande stoffet, og deretter til å klare å setje det inn i riktig samanheng. Derifrå kan dei utfordrast til å forklare stoffet sjølve og å sjå det i eit metaperspektiv.

Ein diskusjon om språk er positiv. Det eine er at det i seg sjølv gjer det lettare å hugse diskusjonen og fagstoffet. Vel så viktig er det at elevane då kan gjerast merksame på at dei kan sjå si eiga læring frå utsida. Det gjev dei betre føresetnader for å vurdere ny kunnskap kritisk, skriv Macken-Horarik, saman med Jennifer Hammond (Hammond og Macken-Horarik 1999).

Vgs.-læraren eg intervjua, trur prosjektet­ med dei nynorske lærebøkene gav elevane ekstra­ inn­læring, fordi dei i møtet med ukjende ord diskuterte kva dei betydde, og slik fylte dei med innhald. Dermed er det grunn til å tru at den nynorske­ læreboka kan ha ført til djupare læring i samfunnsfag.

Krevjande, men relevant

Både læraren frå vgs. og dei to ungdomsskule­lærarane vedgår i intervjua at dei brukte mykje tid på å lære vekk nynorsk, spesielt i starten. Det er likevel ikkje nokon av dei som i ettertid skulle ønskje dei hadde prioritert annleis.

Vgs.-læraren meiner nynorsken ikkje stod i vegen for faglæringa, men at elevane gjerne opplevde det som meir tungvint å måtte jobbe med språket i tillegg til fagstoffet. Det er ingen grunn til å polemisere med elevane om dette. Det er meir tungvint å lese eit anna språk enn det vande.

Og i dette prosjektet er språket store delar­ av poenget: Bokmålsbrukande elevar skal møte meir nynorsk, fordi det er relevant for dei. Det står i læreplanen at dei skal kunne lese og skrive det før dei er ferdige i den obligatoriske opplæringa.­

Når elevane møter nynorsk i fagtekstar i ei historie- eller samfunnsfagbok, kan det i tillegg vere med på å farge forståinga deira av kva nynorsk er. Nynorsk vert stundom framstilt nærast­ som synonym med gamalnorsk, og dermed vert det noko ein berre bør lære om i språksoga i norsktimen.

Når elevane får møte nynorsk som eit fullt funksjonelt språk i tekstar om samfunnsfaglege eller historiske tema, kan det gjere noko med innstillinga­ deira til språket. Det gjer kanskje Noreg og verda litt meir nynorsk.

Lærebokprosjekt

  • Fleire skular på ungdomssteget og vidaregåande har teke del i utviklingsarbeid der målet var å fornye sidemålsopplæringa i nynorsk ved å ta i bruk språket i eit anna fag enn norsk.
  • Å lære ord og fagomgrep på to målformer gir ei utvida forståing i faget fordi elevane får eit stort ordtilfang om eit fenomen. Denne læringssituasjonen opnar opp for kontrastiv språkopplæring der kvardagsspråk og fagspråk blir sett opp mot kvar­andre og samanlikna med omgrep på nynorsk og bokmål.
  • Slik undervisning skaper medvit om kravet til presisjon i språket og gjer elevane motiverte for å lære sidemålet sitt fordi dei kan bruke det i ein meiningsfull samanheng.

Litteratur

  • Fagna, Heidi (2017). Nynorsk på kjøpet. Ein studie av to prosjekt der bokmålsbrukande elevar las lærebøker på nynorsk. Masteroppgåve ved Høgskulen i Volda
  • Hammond, Jennifer, og Mary Macken-Horarik (1999). Critical Literacy: Challenges and Questions for ESL Classrooms. I: TESOL­ Quarterly. Fagfellevurdert tidsskrift
  • Macken-Horarik, Mary (1998). Exploring the requirements of critical school literacy: a view from two classrooms. I: Francis Christie og Ray Misson (red.): Literacy and schooling. London og New York: Rout­ledge