Kort og ofte framfor langt og sjeldan

Vil du at elevane dine skal bli betre i nynorsk sidemål? Treng skolen din ein plan for sidemålsopplæringa og meir samarbeid? Desse spørsmåla er det lett å svare ja på. Ei god sidemålsopplæring er sjølvsagt meir utfordrande å få til i praksis.

Når dei tradisjonelle arbeidsoppgåvene og grammatikkleksjonane ikkje er nok til å gjere elevane til trygge språkbrukarar i nynorsk, korleis skal ein gjere det då? Læreplanmåla for både ungdomstrinnet og vidaregåande seier at elevane skal ha lik kompetanse både i nynorsk og bokmål, men mange lærarar og elevar opplever at det ikkje fungerer slik.

Den nasjonale satsinga Språkløyper er ein strategi for lokalt utviklingsarbeid med språk, lesing og skriving 2016–2019. Språkløyper skal bidra til lokale læringsprosessar, og målet er at deltakarane skal oppleve å få styrkt eigen kompetanse og vidareutvikle eigne praksisar innanfor lese- og skriveopplæring. Nynorsksenteret samarbeider med Språkløyper om å lage kompetansehevingspakkar for nynorskopplæring, i første omgang nynorsk sidemål. Vi har laga pakkar både for mellomsteget, ungdomssteget og vidaregåande.

Start tidleg

Det kan ta lang tid å lære seg eit nytt skriftspråk, og dess betre tid ein har på seg fram til eksamen, jo meir sannsynleg er det at ein vil lære seg å meistre sidemålet. Det er også sannsynleg at elevane får færre negative haldningar til sidemålet om ein startar tidleg med å lese og skrive. Det held altså ikkje å starte med sidemålslæringa til jul i niande klasse om elevane skal bli dugande skrivarar. Skolen bør ha ein plan for dei tre åra på ungdomsskolen eller vidaregåande, for det kan ikkje vere opp til den enkelte læraren om elevane lærer nynorsk godt eller ikkje.

Øving gjer meister

Variasjon i metodar er viktig. Det viser seg at lærarane bruker færre ulike metodar når det gjeld sidemålsopplæring enn i andre delar av norskfaget. La elevane eksperimentere med å skrive på nynorsk i ulike sjangrar. Kort og ofte er betre enn langt og sjeldan, ein dagleg dose nynorsk fungerer betre enn ein overdose to gonger i året. Den tradisjonelle vektlegginga av grammatikk og rettskriving er neppe nok til å gjere elevane til dyktige skrivarar. Om ein skal bli flink til å spele piano eller sparke fotball, må ein øve seg. Det same gjeld skriving på nynorsk, det er øving som trengst. Det er sjølvsagt lærarens oppgåve å vise interesse og motivere for nynorsk sidemål på lik måte som for andre delar av norskfaget.

Det er viktig at elevane ser nynorsk i kvardagen, på tavla, på plakatar, på e-post eller i informasjon frå rektor. Elevane må oppleve at nynorsk er eit bruksspråk som kan brukast i alle samanhengar, alt det som går an på bokmål går også an på nynorsk.

Rett ikkje alt

Det er ikkje særleg motiverande for elevane å få tilbake ein innlevert tekst som er full av raudpennrettingar. Ein treng slett ikkje rette alt alltid, men velje ut noko å kommentere og dermed gje elevane ein selektiv respons. Samskriving er også ein god idé, datateknologien gjev oss mange høve til å dele dokument. Det blir meir ufarleg om ein er to om ein tekst, og den diskusjonen som kan oppstå om val av ordformer eller bøyingsendingar, kan vere gull verd. Gje elevane tilbakemelding undervegs, det hjelper meir for språkkjensla og språkutviklinga enn sluttvurdering.

Fleire tips finn du i Språkløyper-pakkene. Her er også spørsmål til refleksjon og oppdrag til å prøve ut i klassane. Den refleksjonen de sjølv gjer saman på skolen dykkar for å bli samde om korleis de vil legge opp sidemålsundervisninga hos dykk, er det viktigaste.