– Alt startar med forteljinga

Alt startar med det munnlege. Eg fortalde før eg kunne skrive. På kveldane, når dei vaksne hadde sagt god natt, låg eg i overkøya og fortalde til munnen vart tørr og småsøskenpusten gjekk jamt og fråkopla i undersengene. Forteljingane vaks ut av seg sjølve og vart levande. Og alt dette fanst lenge før bokstavane. Kvifor gløymde eg det?

Av Maria Parr

Eg trur det er noko med boka som bergtek oss. Ei bok er noko fast. Til og med ei e-bok har dette faste over seg. Med ein gong boka finst, er orda fanga. Forteljingane vert tilgjengelege, langt forbi det munnlege. Vi kan sjå dei og bruke tid på dei. Dei har løyst seg frå augneblinken og fått evig liv. Vi kan gi dei vidare, utan å hugse dei. Og så er det dette dragande og magiske: I ei bok ligg forteljingane eigentleg innelåste og døde. Vi må kjenne ein kode for å blåse liv i dei. Og kor stilig og eksklusivt er vel ikkje ein kode? Når ein knekker han, eksploderer verda i moglegheiter. Daude bokstavar blir dansande forteljingar. Alle som har opplevd det, veit at det er magisk.

Derfor gjer vi alt vi kan og litt til for at kvart menneske i dette landet skal meistre koden. Takk og lov. Men av og til blir vi så ivrige at vi gløymer dette eine, at alt startar med det munnlege og at ingen stad lever forteljingane så sterkt som når ein set dei fri.

Det er mange måtar å sette dei fri på, men den enklaste er at ein som kan koden, opnar boka – og fortel. Ein kallar det høgtlesing. I si beste form er det forteljing, og menneska har drive med det til alle tider.

Sjølv har eg via stotring og skepsis vakse inn i denne forma. Eg var ikkje budd på det då eg vart forfattar. Eg ante ingenting om alle dei kilometrane med høgtlesing eg skulle bli avkravd. Eller om den horden av lærarar, bibliotekarar og ikkje minst barn ein middels norsk barnebokforfattar er forventa å skulle handtere og forhalde seg til. Det var eit sjokk. Eg hadde aldri drive med slikt før. Trudde eg. Boka hadde så lenge vore målet at eg heilt hadde gløymt korleis det heile starta.

Men no kjenner eg det, kvar gong eg står framfor ein uroleg hestesko av fjerdeklassingar med crocs og spinnerar og opne blikk: Det var akkurat slik det begynte, og det er akkurat dette som er meininga.