Nynorsk i ny rammeplan

I den nye rammeplanen for barnehagen er arbeid med språk sentralt. Barna skal få delta i eit stimulerande språkmiljø og i aktivitetar som fremjar kommunikasjon og ei heilheitleg språkutvikling.

I denne teksten vil eg kommentere nokre punkt i den nye rammeplanen som er viktige i språk­arbeidet med barn som bur i område der nynorsk er hovudmålet.

Last ned rammeplanen på nynorsk (PDF)

Språklege førebilete

Personalet må vere bevisste på rolla som språklege førebilete og vere lydhøyre i kommunikasjon med alle barn.

(Ny rammeplan for barnehagen, 2017)

Språket som barna møter i barnehagen, er viktig­ for språkutviklinga og for utviklinga av identi­teten­ til kvart enkelt barn. Ungane vert påverka av både tekstane, orda, uttrykka og dei språklege strukturane som den vaksne brukar.­ For barnet i barne­hagen er det viktig at dei vaksne­ er bevisste på det språket som møter barna, og på dei vaksne si rolle som språklege modellar­ (Bjørhusdal og Øvereng, 2016).

Måten­ vi brukar skriftleg og munnleg språk på i ulike situasjonar,­ er med på å definere kven vi er. Kvar gong vi uttrykkjer oss, utfører vi ei identitets­handling som fortel noko om kven vi er eller ynskjer å vere. Språk står sentralt i å forme ein identitet (Mæhlum, 2003).

Dialekter og språk er ein ressurs i barnegruppa

Personalet skal bidra til at språkleg mangfald blir noko positivt for heile barnegruppa, støtte fleirspråklege barn i å bruke morsmålet sitt og samtidig aktivt fremje og utvikle den norsk-/samiskspråklege kompetansen til barna.

Det å møte eit mangfald av språk i barnehagen på ein naturleg måte kan bidra til å skape positive­ haldningar til språk. Mange familiar er fleirspråklege, eller ulike dialekter er representerte i familien. Barn har erfaringar med språk, og når dei vaksne brukar omgrepa dialekt, fleirspråkleg, bokmål og nynorsk, vil det gjere ungane meir språkleg bevisste. Barn erfarer at vi brukar ulike ord i ulike dialekter og ulike språk, og jamvel om vi brukar same ordet, kan vi seie det ulikt om vi kjem frå ulike kantar av landet. Dette mang­faldet av språk og dialekter er ein ressurs for barne­hagen og kan vere eit utgangspunkt for mange viktige språksamtalar.

Møte eit mangfald av tekstar

Barna skal møte eit mangfald av eventyr, forteljingar, segner og uttrykksformer og leike, improvisere og eksperimentere med rim, rytme, lydar og ord.

Bruk av høgtlesing, song, rim og regler bidreg til at barn møter eit mangfald av tekstar. Gjennom­ ulike tekstar kan barn utvikle sjangerkompetanse­ og bli kjende med ulike uttrykksformer. Bruk av songar, rim og regler er ein viktig del av det språkstimulerande arbeidet. På nynorskbok.no finn de forslag til bøker i ulike sjangrar som kan vere utgangspunkt for leik og utforsking av mellom­ anna rim og rytme.

Erfaring med skriftspråket

Borna skal utforske og gjere seg erfaringar med ulike skriftspråksuttrykk, som leikeskrift, teikning­ og bokstavar, gjennom lese- og skriveaktivitetar.

Både høgtlesing og bruk av ulike tekstar stimu­lerer­ til utforsking av skriftspråket. Barn møter­ det nynorske skriftspråket først og fremst gjennom­ høgtlesing og formidling frå den vaksne.­ For eit lite barn som ikkje les sjølv, vil det å lese ei biletbok handle om å sjå bilete og lytte til ei stemme. Lyd og stemme vert såleis ei viktig side ved biletboka. Barn møter det nynorske språket­ gjennom øyra, og den opplesne teksten vert eit første møte med det nynorske skriftspråket. Skriftnær høgtlesing, eller å lytte til skriftspråket, kan etablere mønster eller modellar hos barna for skrive­utviklinga deira (Høigård, 2013). Barn lærer mykje om skriftspråket ved å lytte til, observere og erfare andre menneske som brukar det. Vaksne som skriv lappar, beskjedar og vekeplanar, vert viktige rollemodellar for barna. For å løfte fram det nynorske skriftspråket kan enkle stimulerande­ grep vere å nytte nynorske ord i kvardagen, som til dømes orda «helsing», «frå» og «heiter» på oppslag i barnehagen. Ein kan legge til rette for skriftspråklege aktivitetar i barnehagen, men det er også noko som barna sjølv set i gang, som til dømes­ utforsking av «min bokstav» og leike­skriving.

Å få erfaringar med nynorsk er særleg viktig for barn som veks opp i nynorskområde, for at dei skal bli trygge nynorskbrukarar. For den nynorske barnelesaren er den språklege kvardagen prega av at nynorsk er eit mindre brukt språk i den norske offentlegheita. Barn som skal ha nynorsk som opplæringsspråk i skulen, møter likevel bok­målet frå dei er små, både gjennom tv og data. Dermed er dei lite eksponerte for skriftspråket sitt før dei byrjar på skulen. Dette kan barnehagen vege opp for, ikkje minst gjennom å bruke dei nye nynorske­ barnebøkene.

Litteratur

Bjørhusdal, E., og Øvereng, L.K.B. (2016). Nynorsk­ i barnehagen – kvifor? Språkløyper.
Høigård, A. (2013). Barns språkutvikling – muntlig­ og skriftlig. Oslo: Universitetsforlaget.
Mæhlum, B. (2003): Språk og identitet. I: Språkmøte. Innføring i sosiolingvistikk. Oslo: Cappelen Akademisk Forlag.