Sidemål og framandspråk – kva er likt, kva er ulikt?

Ifølgje Læreplanen skal alle elevar kunne dei to målformene, nynorsk og bokmål, like godt. Dei skal så å seie vere tospråklege i skriftleg norsk. Vi veit at gjeldande undervisningspraksis for sidemålet mange stader har mykje til felles med tradisjonell framandspråkopplæring. Likevel slit somme elevar med å lære seg sidemål, og kanskje spesielt nynorsk som sidemål. Fleire stortingsmeldingar og forskingsrapportar gir manglande skriftlege føredøme på nynorsk mykje av skulda for dette, men kan måten sidemål er omtalt på i læreplanen, også ha delar av ansvaret?

Førstespråk, andrespråk og framandspråk

Det er fleire måtar å vere tospråkleg på: Eit førstespråk er samanfallande med morsmålet – både det munnlege språket (basen) og den tilhøyrande skriftlege utbygginga. Eit andrespråk er eit språk ein må kunne i tillegg til førstespråket sitt. I Noreg vil dermed folk frå språklege minoritetar, som i tillegg må lære seg å snakke og skrive norsk, bli rekna som tospråklege, sidan dei må lære seg to språk for å fungere i kvardagen. Det går også an å utvide definisjonen noko og inkludere alle nordmenn som tospråklege. Kunnskapsløftet krev engelskopplæring frå første klasse, og ein kjem ikkje langt i vaksenlivet utan. Engelsk kan dermed oppfattast som andrespråket for dei fleste nordmenn, til forskjell frå framandspråk.

Eit framandspråk er eit språk som ikkje er nødvendig for å ta del i den språklege fellesskapen. For meg må til dømes syrisk reknast som eit framandspråk: Eg klarer meg godt utan. Men for dei syriske naboane mine er det førstespråket, samstundes som dei gjerne må meistre både engelsk og norsk i tillegg.

Aktiv og passiv språkkompetanse

Det går dermed an å vere tospråkleg på fleire måtar, men også i ulik grad. Mine syriske naboar forstår kva eg seier på norsk, men svarer meg på engelsk. Dei kan dermed seiast å ha ein aktiv kompetanse på engelsk, men berre ein passiv kompetanse i norsk, sidan dei forstår kva eg seier utan å kunne svare tilbake på norsk. Her vil eg trekke parallellar til norsk hovudmål og sidemål. Norsk er førstespråket for dei fleste elevar i norsk skule, men når norske elevar skal lære seg å skrive, må dei hanskast med to skriftlege variantar av det same førstespråket, der hovudmål kan omtalast som den primære og sidemål som den sekundære skriftlege utbygginga av det munnlege førstespråket.

Når ein i den norske offentlegheita i dag diskuterer om det er nødvendig at elevar lærer seg å skrive på sidemål, kan dette minne om skiljet mellom aktiv og passiv tospråklegheit. Ein aktiv sidemålskompetanse vil då skildre elevar som både les og skriv på begge målformene. Medan ein passiv sidemålskompetanse viser til elevar som kan lese sidemålstekstar, men som ikkje meistrar å skrive sidemålet. Slik kan ein også dra parallellar mellom sidemålsopplæring og tospråksopplæring.

Tospråkleg opplæring

Norskspråklege elevar som skal lære både bokmål og nynorsk, høyrer til den språklege majoriteten i Noreg. Colin Baker (2011) har sortert tospråklege opplæringsprogram etter kor godt dei understøttar tospråkleg kompetanse hos elevane eller ikkje, og tabellen nedanfor viser eit utval av desse programma for majoritetsspråklege elevar:

Program­type Elevar Opp­lærings­språk Mål for opp­læringa Språkleg resultat
Ordinær framand­språks­under­visning Språkleg majoritet Majoritets­språket, med eigne timar i minoritets­språket Avgrensa opp­læring Avgrensa tospråkleg­heit
Språkbad Språkleg majoritet Tospråkleg med innleiings­vis vekt på minoritets­språket Pluralisme og styrking Tospråkleg­heit og dobbel lese- og skrive­kunne
Tospråkleg opp­læring på majoritets­språket Språkleg majoritet To majoritets­språk Bevaring, pluralisme og styrking Tospråkleg­heit
(utdrag frå Baker, 2011)

Den første programtypen omtalar Baker som ordinær framandspråksopplæring. Andrespråket til elevane blir då undervist i eigne timar – gjerne med eksplisitt grammatikkundervisning – med ein avgrensa tospråkleg kompetanse som resultat. Det andre programmet er språkbad. Andrespråket blir då trekt inn i all undervisning, munnleg som skriftleg. Resultatet er gjerne ein aktiv tospråkleg kompetanse. Det tredje omtalar opplæring i to likeverdige majoritetsspråk, med undervisninga på begge majoritetsspråka. Denne varianten liknar langt på veg omtalen av hovudmål/sidemål og bokmål/nynorsk etter tiande trinn i læreplanen.

Språklæring i Kunnskapsløftet

Opplæringa i engelsk følgjer i stor grad læreplanen i norsk frå første til tiande trinn. Dette stemmer overeins med ideen om engelsk som eit andrespråk – eit språk som alle kunne, parallelt med førstespråket. I både norsk og engelsk skal ein lytte til opplesing og skrive enkle tekstar frå første årstrinn, medan ein aukar lesemengde og kompleksitet, samt kva ulike skrivehandlingar ein skal meistre, etter kvart som elevane blir eldre.

Til forskjell frå første- og andrespråket  startar læreplanen for framandspråk først på ungdomstrinnet. Målet for undervisninga er heller ikkje like ambisiøst som for første- og andrespråket. Det interessante er likevel kompetansemålet som seier at elevane skal eksperimentere med skriving på sidemål. Dette er plassert på slutten av mellomtrinnet, medan det tilsvarande for engelsk er ført opp dei to første åra på barnetrinnet. På den måten blir skriving på sidemål ein mellomting mellom skriving på andrespråk og framandspråk, trass i at elevane har lese tekstar på både bokmål og nynorsk heilt frå første klasse.

Behovet for sidemålsdidaktikk

Den seine starten med skriving harmoniserer dårleg med kompetansemåla for sidemål på tiande trinn, som likestiller målformene både skriftleg og munnleg, og det er lett å finne att spor av dette misforholdet. I vurderingar av tekstar skrivne av eit utval åttandeklasseelevar frå Normprosjektet er det tydeleg forskjell mellom kompetansen i hovudmål og sidemål. Ulikskapen er i stor grad avhengig av hovudmålet til elevane. Fleirtalet av elevane med nynorsk som hovudmål meistrar å skrive både bokmål og nynorsk utan store problem, medan sidemålskompetansen jamt over er langt lågare enn hovudmålskompetansen for elevar med bokmål som hovudmål (Berge og Skar, 2015; Eiksund, 2017). Grunnen kan vere enkel. Nynorskelevane lærer nynorsk på skulen og bokmål på fritida og opplever det ein kan omtale som eit sidemålsbad med aktiv sidemålskompetanse som resultat.

For elevar med bokmål som hovudmål er tilgangen på sidemålet langt dårlegare, og dei må i større grad trene på sidemål i skuletida. I tillegg støttar måten sidemålet er omtalt på i læreplanen opp under ei forståing av opplæring i sidemål som tradisjonell framandspråksopplæring. Dette stemmer også overeins med det vi veit om gjeldande praksis i sidemålsopplæringa (Jansson 2004; Sjøhelle 2016). Ifølgje Baker fører ei slik tilnærming til eit språk til avgrensa tospråklegheit, eller passiv språkkompetanse. Dersom ein i tillegg avgrensar sidemålet til å handle om lesing, vil dette forsterke denne tendensen og resultatet bli deretter. Fleire har derfor tatt til orde for ein sidemålsdidaktikk der målet er å løfte fram nye og betre måtar å undervise nynorsk som sidemål. Målet har då vore å bryte med dei inngrodde mønstera, og heller bruke sidemålet i alle typar norskundervisning og ikkje berre i bolkane knytte til grammatikk og språkhistorie på ungdomstrinnet. Skriftleg sidemål på mellomtrinnet og forsøk med nynorske lærebøker i andre fag enn norsk er to døme på slikt (Eiksund, 2013; Jansson og Traavik, 2015; Sjøhelle, 2016).

Parallellmålsdidaktikk

Målet med læreplanen er lik kompetanse i dei to målformene etter tiande trinn, og då kan ikkje sidemålet undervisast som eit framandspråk. På same vis som med andrespråket bør elevane i staden leike seg med skriving på både bokmål og nynorsk frå første klassetrinn. Og frå første dag bør målet vere å meistre begge målformene. Ein god sidemålsdidaktikk kan derfor ikkje ha eit einsidig fokus på sidemålet. Sidan begge målformene skal lærast parallelt, kan ein kanskje heller snakke om ein parallellmålsdidaktikk, der begge målformer er like tungt vekta. Då vil kompetansemåla i tiande vere innanfor rekkevidde.

Hjalmar Eiksund
Høgskulelektor ved Nynorsksenteret
Ph.d.-student ved Høgskulen i Volda og Universitetet i Bergen

Kjelder

Baker, C. (2011). Foundations of bilingual education and bilingualism (5 utg.). Bristol: Multilingual matters.

Berge, K. L. og G. B. Skar. (2015). Ble elevene bedre skrivere? Intervensjonseffekter på elevers skriveferdigheter og skriveutvikling. Trondheim: Normprosjektet.

Eiksund, H. (2013). Nynorsk som skolefag: Sidemålsdidaktikk. Framlegging under Ny Giv!­­-samlingane 2013.
Henta frå (http://lesesenteret.uis.no/getfile.php/Lesesenteret/131016_EiksundNyGiv.pdf)

Eiksund, H. (2017). Eitt språk – to kompetansar : Føresetnader for sidemål. I: Fondevik og Hamre (Red.), Norsk som reiskaps- og danningsfag (s.258–283). Oslo: Samlaget.

Jansson, B. K. (2004). Kva slags sidemålsopplæring legg lærebøkene opp til når nynorsk er sidemålet? Ein analyse av lærebøker i norsk for ungdomstrinnet etter Reform 97: Høgskolen i Østfold.

Jansson, B. K. og H. Traavik. (2015). Tidleg start med skriving på «den andre målforma». Framlegg under Nynorskkonferansen 2015, Bergen.
Henta frå (http://www.nynorsksenteret.no/img/nsfno/NK2015_Traavik.pdf)

Sjøhelle, K. K. (2016). Å skrive seg inn i språket : Ein intervensjonsstudie av nynorsk sidemålsopplæring for vidaregåande trinn. Oslo: Universitetet i Oslo.

Kunnskapsdepartementet (2006–2013). Læreplanane i norsk, engelsk og framandspråk.
https://www.udir.no/kl06/NOR1-05
https://www.udir.no/kl06/ENG1-03
https://www.udir.no/kl06/FSP1-01

Normprosjektet (2012–2016).
http://norm.skrivesenteret.no