Multikunstnaren og den deprimerte kakerlakken

Martine Grande måtte ta nokre rundar med seg sjølv før ho torde å debutere med ei barnebok om depresjon.

Heldigvis tok Grande steget, og forteljinga om Kakerlakken med den stygge frakken og hovudet fullt av triste tankar har vorte både bok, animasjonsfilm og teater. Filmen har vorte vist på festivalar, på skular og i helseføretak.

Sjå filmen på NRK Super: Kakerlakken med den stygge frakken

Grande fekk hjelp av helsepersonell då ho skreiv boka.

– Dei la seg ikkje opp i det kunstnariske, men dei gav tilbakemeldingar på om eg hadde forstått depresjon riktig. Stundom stadfesta dei at eit barn kunne oppleve sjukdommen på den måten kakerlakken gjer det, og andre gonger gav dei meg innspel som eg kunne tygge vidare på, fortel ho.

Kakerlakken med den stygge frakken leikar og har det bra om sommaren, men om hausten vert ho så uendeleg trist. Legen seier ho har fått hausttankar og vintertankar. Det er Grande sine eigenkomponerte ord.

– Legen seier også at kakerlakken har ein depresjon, men det ordet er så stort og så vanskeleg å forstå, også for vaksne. Difor prøvde eg å finne ord som er lettare for barn å bryte opp. Eg måtte finne ord som ein kan dele opp og forstå og smake på og leike med, seier Grande.

Den 32 år gamle animatøren, illustratøren og forfattaren står sjølv for alt i dei to bøkene ho har gjeve ut, frå idé til ferdig bok. Ho laga også animasjonsfilmen om kakerlakken sjølv. Formidling driv ho også med, og Grande møter mange barn som let seg engasjere av historia om den deprimerte kakerlakken.

– Dei som er i barnehagealder tek boka bokstaveleg, og er opptekne av skilnaden på det lyse og det mørke og om kakerlakken er glad eller trist. Større ungar forstår meir av historia og dei gjev meg ofte fine refleksjonar. Av ein eller annan grunn forstår ofte tredjeklassingar den underliggande bodskapen på ein imponerande måte, og dei vil gjerne diskutere boka.

– Forstår tredjeklassingar at kakerlakken ikkje berre er lei seg, men faktisk sjuk?

– Ja. Veldig mange gjer det. Dei heng seg opp i formuleringa om at kakerlakken er «redd for å blø, redd for å dø og redd for å leve». Det er lett å forstå at nokon er redd for å blø og redd for å dø, så eg bruker å spørje om dei synest det er rart at kakerlakken også er redd for å leve. Mange forstår godt at det er vanskeleg å leve når ein vert erta og når ein vert trist når hausten og vinteren kjem.

Høyr kvifor Martine Grande torde å skrive debutbok om eit så alvorleg tema i denne podkasten, der ho vert intervjua av formidlar Heidi Fagna på Nynorsksenteret.