Grunnlaget som ikkje må gløymast: Norsk = nynorsk + bokmål

Den språkdelte kulturen i Noreg har prega kulturdebatten, språkutviklinga og læreplanane i over hundre år. Det er difor heilt på sin plass at «kulturelt og språkleg mangfald» er framheva som ein sentral verdi i utkastet til ny generell del av læreplan. Men underleg nok utan at omgrepa «nynorsk» og «bokmål» blir nemnde i det heile.

Våren 2016 kom storingsmeldinga Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av kunnskapsløftet. (Meld. St. 28 (2015–2016)). Den er grunnlaget for ein prosess for å fornye innhaldet i skulen – frå første klasse til og med vidaregåande opplæring. Arbeidet er godt i gang i regi av Utdanningsdirektoratet, og om tre-fire år skal nye læreplanar i alle fag, inkludert nye vurderingsordningar, vere på plass.

Første trinn i fagfornyinga er å vedta ny generell del av læreplanen. Denne har ikkje vore fornya sidan 1990-talet, så ein kan trygt seie at det er på tide. I mars i år sende Kunnskapsdepartementet ut på høyring eit utkast som er vesentleg kortare og langt meir konkret enn den gamle versjonen. Planen har tittelen «Overordnet del – verdier og prinsipper».

Nynorsksenteret har sendt ein høyringsuttale til planutkastet med desse poenga:

Kunnskapsdepartementet understrekar at verdiane som er formulerte i denne nye generelle delen av læreplanverket skal vise tydeleg att i alle deler av opplæringa. Dvs. både i dei ulike fagplanane, i det som skjer i klasseromma og i vurderingsordningane.

Nynorsksenteret støttar dette grepet. Utfordringa blir å formulere målsetjingane på høveleg abstraksjonsnivå. Dei må vere så generelle at dei kan brukast i alle fag og på alle nivå, men dei må også vere så presise at brukarane har ei felles forståing av kva som er meint.

Vi synest dei fleste avsnitta i planen balanserer godt mellom desse to omsyna – med nokre viktige unntak. Det gjeld først og fremst bruken av omgrepet «kulturelt og språkleg mangfald» og til bruken av «norsk» i tydinga «norsk språk» eller «skriftleg norsk». Her trengst ei presisering og påminning om at det kulturelle og språklege mangfaldet også omfattar dei mange variantane av munnleg og skriftleg norsk.

Læreplanutkastet nemner ikkje omgrepa «nynorsk» og «bokmål» i det heile. Dette må endrast i den endelege versjonen av planen.

Kapittel 1.2. har tittelen «Kultur, identitet og mangfold». Her blir m.a. verdien av språkleg mangfald og styrking av språkleg identitet framheva. Målsetjinga om at elevar med bakgrunn frå samisk kultur og dei nasjonale minoritetane skal få styrkt sine rettar, er omtala spesielt i dette kapittelet. Det er bra. Men det er påfallande at rettane til den mykje større gruppa av elevar med nynorskbakgrunn ikkje er nemnde.

Noreg har hatt to variantar av skriftspråket norsk sidan slutten av 1800-talet, med tilhøyrande skriftkulturar og identitetar hjå brukarane. Dette nasjonale mangfaldet har vore ein sentral føresetnad for norsk språkutvikling i alle år sidan. Det har påverka – og påverkar framleis – den munnlege og skriftlege språkbruken til alle som bur i Noreg. Det har lege til grunn for innhaldet i alle tidlegare læreplanar og det vil ligge til grunn også for den nye som no er på veg.

Den språkdelte norske kulturen er ein grunnleggande premiss for arbeidet med spørsmål knytte til «kultur, identitet og mangfold» i alle delar av landet. Dette er ikkje er omtala eksplisitt i det heile i utkastet. Ei slik presisering trengst fordi planen er ei forskrift og dermed skal vere grunnlaget for utviklinga av kjerneelement i faget og i det vidare læreplanarbeidet. Då må det vere eintydig formulert at alle elevar i heile landet skal få opplæring i og om begge variantane av skriftspråket norsk.

Målsetjinga om at skulen skal vere med på å skape «respekt for toleranse og ulikhet» er også i høgste grad relevant for den norske språksituasjonen. Brukarane av det minst brukte språket – nynorsk – blir stadig møtte med manglande respekt og toleranse, både frå medelevar, lærarar og frå andre som deltar i det offentlege ordskiftet.

I kapittel 1.2. står det også at «utviklingen av et felles språk er en forutsetning for at samfunnet skal fungere.» Kva betyr «felles språk» her? Er det berre skriftspråket bokmål, eller er det både nynorsk og bokmål? Er det alle skriftlege og munnlege variantar av norsk? Eller skal «språk» her forståast i ei meir abstrakt tyding?

Denne formuleringa må presiserast. Slik ho står no, er ho upresis og kan gi rom for nokså ulike tolkingar.

Vi foreslår også å legge til eit nytt avsnitt i kapittel 1.2:

I Noreg er det ein etablert tospråkssituasjon. Bokmål og nynorsk er likestilte norske skriftspråk. Samtidig er balansen mellom dei ujamn. Opplæringa må ta høgde for at nynorsk er eit mindre brukt språk enn bokmål i det norske samfunnet. Opplæringa skal bidra til å motverke direkte og indirekte press som fører til at elevar byter skriftspråk. 

Til slutt ein merknad om målform:

Planen må føreligge i parallellutgåver på nynorsk og bokmål. Dette er ein plan som skal brukast i mange år, og som stadig vil bli sitert. Det er difor viktig at han ligg føre på begge målformer.

Volda 31.5.2017
Torgeir Dimmen
Leiar ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

 

Aktuelle lenker:

Stortingsmelding 28 (2015-2016): Fag – Fordypning – Forståelse — En fornyelse av Kunnskapsløftet

Stortingsmelding 21 (2106-2017): Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen