Korleis kan musikk vere utgangspunkt for undervisningsopplegg til serien Skam?

Ungdom er veldig opptatte av musikk, og derfor er det ofte takknemleg å bruke musikk i undervisningsopplegg.

I Skam er musikk ein viktig del av den multimodale forteljinga. Mange av dei mest populære scenene har vore knytte til musikk, og artistar som har vorte brukte i Skam, som Gabrielle, har vorte svært populære i utlandet. Med andre ord: Musikk betyr mykje for ungdom og er ein viktig føresetnad for å nå målgruppa.

Ungdom har private assosiasjonar til musikk, og det er eit verkemiddel som er felles for mange i klasserommet, og som mange kan meine noko om i ein klasseromssamtale. Musikkteksten gir også ei form for felles referanseramme, og dette er viktig i ei tid der ein kanskje har færre tekstar til felles enn tidlegare. Ungdom vil kjenne att songtekstane til Karpe Diem, Selena Gomez, Robyn og mange andre musikkstjerner i serien og kunne meine noko om bruken av musikken i Skam.

Musikk er også ei form for direkte referanse, fordi du høyrer han spelt i den aktuelle scena. Slik er det ikkje med andre typar tekstar, til dømes skjønnlitterære referansar som er brukte i Skam. Dei kan vere langt meir skjulte og derfor vanskelegare å avsløre for sjåarane.

Det er interessant å diskutere med klassa dei ulike vala som er gjorde når det gjeld musikken i Skam. Ofte vert musikken brukt som stemningsskapar eller lydkulisse, men like ofte vert musikkteksten vald fordi han seier noko om eit tema eller ein bodskap i scena. Når det skjer, vert musikken eit forteljingselement i forteljinga, og kan fungere som kommentator, som allvitande forteljar, som indre monolog.

I ei kjent scene der Isak og Even dansar med kvar sine jenter til songen «Call your girlfriend», vert musikkteksten ein forsterkar og kommentator til scena: Call your girlfriend / It’s time you had the talk / Give your reasons / Say it’s not her fault / But you just met somebody new. Dei fleste unge sjåarar vil kople songteksten til den aktuelle situasjonen, og dei vil oppfatte songteksten som eit tydeleg forteljingselement i scena. Robyn formidlar bodskapen, og kanskje også tankane til Isak som sterkt ønskjer at Even skal gjere det slutt med jentekjærasten. Her kan vi seie at musikken forklarar for lesaren kva som er viktig i scena, understrekar og utdjupar bodskapen.

Det same ser vi også fleire gongar i sesong 4, der Sana og Yousef sitt gryande kjærleiksforhold vert skildra i klipp etter klipp. I ei scene står Sana og skreller gulrøter, og på radioen høyrer ein «Kiss me» med Ed Sheeran. Teksten understrekar kjenslene til Sana, men også spenningane i rommet når Yousef kjem inn på kjøkkenet og høyrer teksten. Sana, som vil framstå som kul og upåverka, må skru over til ein annan kanal. Denne handlinga er typisk for Sana, som i alle sesongar har verka kompromisslaus og tøff, og som ikkje vil vise ei meir romantisk side av seg sjølv. Radioen saboterer forsøket på å skape ei anna stemning i rommet, fordi Sana skrur over på ein kanal som spelar Bendik «Siste gang»: Hvis eg bare e helt stille, vil eg noen gang få være din. Eg vet ikkje ka du tenker, men eg savner deg i hjertet mitt. For eg vet at det var ikkje meg som ville, men du gjør meg søvnløs. Hvis eg bare e helt stille, vil eg noen gang få være din. Her insisterer songen på kjærleiksforholdet. Elevane forstår at begge songtekstane har ein funksjon i scena, dei understrekar ei stemning, og kan minne om ei forteljarstemme som set språk på kjenslene til hovudpersonane.

Når det derimot vert brukt salmar i serien, kan det vere vanskelegare for sjåarane å sjå tolkingslaga i salmeteksten. 17. mai i fjor vart Fagert er landet av Anders Hovden brukt som musikalsk kommentator til scena der Noora går til legevakta etter mistanke om at ho er valdteken. Det var første vers i salmen som vart brukt: «Fagert er landet du oss gav / Herre vår Gud og vår Fader / Fagert det stig av blåe hav / soli ho sprett og ho glader / fagert det stig frå nord til sud / soleis di åsyn lyser Gud / over vårt Noreg i nåde».

Eg vart sjølv veldig overraska over dette musikkvalet. Anders Hovden, ein av dei viktige nynorske salmediktarane, var brukt i ein serie lagd til Oslo. Uventa, og gledeleg. Samstundes: Kvifor kopla serieskaparane salmen til Hovden til denne dramatiske scena? Kva hadde teksten med temaet valdtekt og legeundersøking å gjere?

Her må ein tenkje på teksten som ein fedrelandsalme som seier noko om rettane ein har i demokratiet. Noora kan få hjelp og har rett til hjelp i ein vanskeleg situasjon. Det ordet som står sterkast for meg i teksten, er nåde, altså det siste ordet. Musikalsk sett kan ein også tenkje at det er ein verdigheit i musikken, han er høgtidleg og er med på å understreke kor viktig det er at Noora tek steget ut frå offerrolla og kjempar for å få sitt eige menneskeverd tilbake. Ho står opp for seg sjølv, ho får støtte og det er viktige verdiar å kjempe for i demokratiet. Men koplinga mellom musikk og tema er ikkje så umiddelbar i denne scena, og kontrasten mellom referansen og tematikken krev meir av sjåaren.

Ein må kjenne salmen som sjanger for å forstå bruken av han i denne samanhengen. Salmebruken i Skam er generelt knytt til livsendrande augneblinkar der hovudpersonane tek store val som får mykje å seie for dei. Sjangeren vert knytt til å gå i kyrkja, men stadig fleire nordmenn oppsøkjer kyrka berre i samband med rituelle handlingar som gravferd, dåp, konfirmasjon eller bryllaup. Derfor opplever 16-åringar salmar som høgtidlege og knytte til store eller viktige hendingar. Dette kan vere årsaken til at Andem brukar salmar i dramatisk fortetta scener som inneber store og viktige val.

Å analysere salmen som ein sjanger i ein gitt kontekst der dei institusjonaliserte og rituelle samanhengane vert tydlege, krev ein tolkingskompetanse som er kompleks. Medan «Fagert er landet» vert brukt for å utdjupe og tolke tematikken i scena, understrekar og forsterkar bruken av musikken til Ed Sheeran og Bendik ønsket til Sana om å verte saman med Yousef.

Dersom du vil jobbe med Skam i skulen, kan du gjerne starte med musikken, nettopp fordi mesteparten av musikken i Skam vert brukt som understreking av stemninga i ei scene. Dersom du vil utfordre elevane, kan du vise at musikkvalet i forhold til salmar kan krevje ei annan form for tolkingskompetanse av dei. Slik får elevane oppleve at bruken av musikk i serien set ulike krav til tolkingskompetanse hos sjåarane.

(Foto: Skjermdump / NRK)