Mord på målet

Sjølve omgrepet påskekrim er visst eit særnorsk fenomen, og jau då, det finst faktisk mykje nynorsk kriminallitteratur. Om ein skal dømme ut ifrå romanane, ser det ut til å vere flest mord og mest lovløyse i Gudbrandsdalen og Sogn og Fjordane. Vil du ha eit tips eller fleire før påskehelga, så har vi laga ei liste med nynorsk krim for barn, ungdommar og vaksne.

Krim på nynorsk og omgrepet bygdekrim heng saman. Det tyder ikkje noko anna enn at mordstaden er flytta frå storbyen til ei bygd, og at det som regel er den lokale lensmannen og folka hans som løyser saka. Stundom treng dei hjelp frå ein stødig etterforskar frå Kripos eller ein nysgjerrig journalist frå lokalavisa. Krim er i hovudsak ein sjanger for vaksne lesarar, men dei siste åra har det også kome gode spenningsbøker for barn og ungdommar. Kriminalromanar på nynorsk held like god kvalitet som annan krim.

På 2010-talet har nye kriminalforfattarar markert seg godt. Lars Mæhle har skrive tre bøker med psykolog Ina Grieg som hovudperson. Ho er 40 år, småbarnsmor og kickboksar og busett i Nittedal. Ho hjelper politiet med å løyse saker, men tøyer grenser og går sine eigne vegar i etterforskinga. Mæhle skriv også spenningsbøker for barn og ungdom.

Rune Timberlid har skrive sju romanar om sin hovudperson politibetjent Rolf Randen, som løyser mordgåter rundt om i Sogn og Fjordane. Her er det trådar tilbake til hendingar i fortida, samstundes som det dreier seg om både lokalpolitikk og storpolitikk, og kanskje internasjonal terror.

Forfattarparet Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden har gitt ut tre kriminalromanar til nå, med handlinga lagt til Lom. Her møter vi heimflytta lensmann Sylfest Seljestad og lensmanns­betjentane Jørgen Vold og Reidun Hammer. Verkelege personar som Morten Schakenda, Einar Gelius og forfattarparet sjølv dukkar opp i bøkene. Det er reint utruleg kva som kan forgå av dramatiske hendingar i ei bygd i Gudbrandsdalen.

Frå midten av 1980-talet blei det fart i den nynorske kriminallitteraturen med Audun Sjøstrand, Idar Lind, og tidleg på 90-talet, Kolbjørn Hauge. Hundemordet av Sjøstrand blei gitt ut i skoleutgåve, og fekk dermed stor spreiing. Alle desse forfattarane har saman med Frode Grytten vunne den høgthengande Rivertonprisen «Den gylne revolver»: Idar Lind i 1989, Audun Sjøstrand i 1991,  Kolbjørn Hauge i 1995 og Frode Grytten i 2005.

På 1990-talet kjem dei kvinnelege krimforfattarane for fullt, og Magnhild Bruheim har fått mykje merksemd for krimbøkene sine. Ho starta med å skrive krim for vaksne der etterforskar Mons Strand og kompanjongen Atle Reinertsen løyser mordsaker i heimtraktene. Dei siste åra har ho skrive krim for ungdommar om veninnene Bente og Kami, og for barn om Stian og Stine i Hyttemysteriet, Bjørnemysteriet og Motorsykkelmysteriet.

Det er ikkje så mykje utanlandsk krim som er omsett til nynorsk. Samlaget hadde ei satsing på omsett krim i første halvdel av 80-talet, men sidan har dei gitt ut få utanlandske forfattarar. Det var også på 80-talet at Sommerset-serien av John Donner (pseudonym for Hovland, Økland, Kaldestad og Heie) blei utgitt i 13 band, som eit slags nynorskens svar på Hardygutane.

Ei forvitneleg, gammal bok eg har funne er Arlton Eadie (1941): Det raude spørjeteiknet frå Fonna Forlag, men dette er sikkert ikkje det eldste mysteriet vi kan lese om i nynorsk språkdrakt. Her er ei sak med mange personar og forviklingar, og mange typiske trekk for tradisjonelle kriminalhistorier: Ein engelsk herregard, ein skatt ingen kan finne, mange mord, ein intelligent detektivinspektør, to som er forelska i den same jenta, utpressing, forgifting, ein mordar som etterlet seg eit raudt spørjeteikn, underjordiske gangar og suverene forkledningar som ikkje eingong kjærasten kjenner igjen.

Nasjonalbiblioteket har digitaliserte utgåver av mange av dei eldre bøkene på www.bokhylla.no. Fleire av bøkene du finn på lista vår er tilgjengelege berre her, eller på biblioteket. Innan den nynorske krimlitteraturen må det kunne finnast ei bok for alle, det er berre å setje i gang og la seg skremme, forundre og underhalde. God påskelesnad!