Nynorsk – ei målform for urbant orienterte ungdommar?

Det er gjort ei rekkje studiar som viser samanheng mellom talemål og identitet, der språket blir brukt for å signalisere kven vi er eller ønskjer å vere. Men kva drivkrefter ligg bak når skuleungdom med nynorsk som opplæringsmål skal velje hovudmål i vidaregåande skule? Er dette også eit spørsmål om kven og kva dei vil bli identifiserte med?

Tekst: Ingunn Kleggetveit, norsklærar

Eg har arbeidd som lærar i ein vidaregåande skule i indre Agder i nærare 20 år. Sjølv om fleirtalet av elevane som startar hos oss, har hatt nynorsk som opplæringsmål, opplever eg at stadig færre vel dette som hovudmål i vidaregåande skule. Argumenta for å velje det eine framfor det andre er mange og ulike, men kan det tenkast at dei same drivkreftene som verkar på talemålsval òg gjeld ved val av skriftleg målform, og at nynorsken for mange representerer det tradisjonelle og rurale som dei ikkje ønskjer å bli identifiserte med? Dette spørsmålet var utgangspunktet då eg starta på masteroppgåva Eg eller jeg – ein studie av forhold som kan påverke valet mellom nynorsk og bokmål hos ungdom i indre Agder.

I studien min deltok 49 elevar frå vidaregåande skular i indre Agder, alle med nynorsk som opplæringsmål i barneskulen. Halvparten av informantane hadde valt nynorsk som hovudmål, den andre halvparten hadde bytt over til bokmål enten i ungdomsskulen eller då dei starta i vidaregåande. Uavhengig av hovudmål brukte dei nynorsk og bokmål i varierande grad, både på skulen og privat. I studien min brukte eg ein kombinasjon av kvantitative og kvalitative metodar. Første del av feltarbeidet var ei spørjeundersøking, og på bakgrunn av desse resultata gjennomførte eg eit djupintervju med fem informantar som kvar på sin måte kasta lys over kva intensjonar som kan liggje bak ulike språkhandlingar.

Når ungdommane grunngir val av målform, er det vanskegrad, meistring og nyttebruk som kjem fram som dei viktigaste argumenta, både hos elevar som har halde på nynorsk som hovudmål og hos dei som har valt bokmål i vidaregåande skule. Mange bokmålselevar vel bort nynorsk fordi dei tykkjer det er vanskeleg og fordi dei meiner dei ikkje vil få bruk for denne målforma vidare i livet, medan ein stor del av nynorskelevane vel denne målforma nett fordi den blir opplevd som meir vanskeleg og dei ser behovet for mengdetrening. Vanskane blir forklarte ut frå to ulike forhold. For det første ut frå mangelfull eksponering av nynorsk i eit bokmålsdominert samfunn. Fleire elevar, både bokmåls- og nynorskbrukarar, peikar på at nynorsken nærast er fråverande også i skulekvardagen, ikkje minst fordi lærarane skriv bokmål på tavla, PowerPoint-presentasjonane, prøvene og anna skriftleg materiell dei får. Andre grunngir vanskane i at nynorsk er ei meir krevjande målform, og peikar særleg på at ordtilfanget i nynorsk er vanskeleg og framandt, spesielt i formelle og fagspesifikke samanhengar. «Jeg synes språket er veldig gammelt og at det har mange ord og uttrykk som en sjeldent/aldri bruker eller har hørt om», skriv ein bokmålsinformant når han utdjupar kvifor han tykkjer nynorsk er vanskeleg. At nynorsk er «gammaldags» og «ut», blir eksplisitt uttrykt hos berre 2 av dei 49 informantane.

Sjølv om synet på nynorsk som eit gammaldags språk er nokså fråverande i argumentasjonen skuleelevane brukar, kan undersøkinga tyde på at det likevel ligg nokre bindingar her. Dei som uttrykkjer positive haldningar til heimbygda og ein meir tradisjonell og rural kultur, brukar i større grad nynorsk som skriftspråk i ulike samanhengar, medan dei som er meir urbant orienterte har ein tendens til å velje bort nynorsk, både i skulen og privat. Resultata er langt frå eintydige, og det er store individuelle variasjonar, men dei meir urbant orienterte ungdommane med overvekt av nynorskbruk er totalt fråverande i utvalet mitt. Dette kan med andre ord tyde på at ungdom brukar bokmål for å unngå å bli assosierte med tradisjonelle og rurale verdiar. Intervjua bekreftar langt på veg desse tendensane. Her blir også eit anna interessant perspektiv tydeleggjort, forholdet mellom talemål og skriftspråk. Dei som vel nynorsk som hovudmål, argumenterer i større grad for dialekten som eit utgangspunkt for kva som er mest naturleg å skrive. Dei fleste bokmålsinformantane er også sterkt knytte til dialekten sin, men dei ser talemålet og skriftspråket som meir uavhengige av kvarandre, der skriftspråket har referansar til andre skrivne tekster, ikkje det munnlege språket. Dette kan forklare at to personar med tilnærma likt talemål kan føle seg heime i to ulike skriftmålsvariantar. Den målforma vi møter mest, blir fort det mest naturlege, og for dei fleste er dette tekster på bokmål.

Vi som har studert norsk språkhistorie, meiner nok gjerne at Aasen-prosjektet er eit av dei mest moderne og demokratiske språkprosjekt nokosinne, men kva hjelper det, viss komande generasjonar i stor grad ser på språket som gammaldags og utdatert, med tilknyting til tradisjonelle og rurale verdiar som dei ikkje vil identifisere seg med? Eg trur ikkje det finst verken ei enkel eller eintydig løysing på korleis ein skal klare å snu denne oppfatninga, men eg har likevel lyst til å peike på eit par moment vi som lærarar og foreldre kan vere merksame på.

I førskulealder og tidleg skulealder er det mykje høgtlesing, enten det er i barnehagen, skulen eller på sengekanten. Det finst eit godt utval av barnebøker på begge målformer, og ved å velje nynorske bøker, kan du vere med på å gjere nynorsk til ein naturleg del av den litteraturen barna møter. Dette vil vere med å redusere oppfatninga av nynorsk som noko ekstraordinært og annleis, eit språk ein berre brukar i spesielle samanhengar.

Som lærarar i språkblanda klasser må vi leggje til rette for at elevane får like føresetnadar for å kunne bruke målforma si. For kort tid sidan fortalde ein elev meg at han ikkje hadde forstått spørsmålet på samfunnsfagsprøven fordi læraren brukte eit anna faguttrykk på prøven enn det som stod i den nynorske læreboka hans. Slike eksempel fryktar eg det finst mange av, og fleire elevar har fortald meg at dei gir opp bruken av nynorsk fordi dei ikkje får skriftspråkleg støtte frå læraren si undervisning. Som lærarar har vi eit samfunnsoppdrag, og så lenge vi har vedtak om to likestilte målformer, kan ikkje slik tilrettelegging vere opp til kvar enkelt lærar å avgjere. Dersom elevar skal oppleve begge målformene som relevante og likeverdige, må iallfall læraren vise at han tek begge målformene på alvor.

Eg trur elles det er viktig at vi lærarar bruker nynorsktekster innanfor alle sjangrar, ikkje berre dei litterære. Vi må hente fram nynorske eksempel òg frå sakprosasjangeren, og ikkje minst dei nye sjangrane som vi møter i den digitale verda. Å presentere tekster på nynorsk er ikkje eit ansvar berre for norsklæraren, men også for lærarar i andre fag. Leiinga i barnehage og skule har dessutan eit stort ansvar for å motivere og skape forståing for dette arbeidet. Vi må vise at nynorsk er eit funksjonelt og moderne språk som kan nyttast på alle område og i alle fag.