Lukta av nynorsk: No også i VG

Verda står truleg til påske også i år. Men ein kan jammen byrje å lure. For no har til og med VG publisert ei redaksjonell sak (som ikkje handlar om nynorsk eller sidemål) på nynorsk. Det er saka om verdas tyngste kvinne som no endeleg kan smila igjen. (Publisert av ein av VG sine redaksjonelle medarbeidarar 10.3.2017.)

Redaksjonelt produserte saker på nynorsk i dei såkalla riksavisene Aftenposten, VG og Dagbladet har vore ei kampsak for målrørsla i mange år. Det er viktig fordi både nynorskbrukarar og bokmålsbrukarar treng å sjå at nynorsk kan brukast til alle slags saker, ikkje berre til lesarinnlegg, dikt, helgekommentar ved Are Kalvø og i intervju med Jon Fosse. Målet er større språkleg mangfald i alle medium i alle slags saker. Det vil både auke den språklege toleransen og redusere fordommane mot den minst brukte språkforma.

No har altså VG publisert ei sak på nynorsk, både i papiravisa og i nettavisa. Står ein bastion for fall? Det står att å sjå. Då må denne eine saka få følgje av fleire etter kvart.

Eit ekstra poeng ved dette vesle nynorsk-stuntet til VG er at dei gjer det både i nettavisa vg.no og i papiravisa. Dette er verdt å merke seg.

Nynorsk luktar nemleg ulikt i ulike medium. Behovet for å halde seg for nasen ser i alle fall ut til å vere avhengig av kanalen. Slik har det vore lenge. I radio og fjernsyn har t.d. NRK og TV2 brukt nynorsktalande medarbeidarar i mange tiår. Etter kvart utan at nokon tenkjer over det. Akkurat no er det t.d. 100 % nynorskandel i TV2 sitt vermeldarkorps og minst 50 % blant sportsankera. Har dette ført til sjåarstorm og protestar frå sinte riksmålsfolk? Neppe.

Same mangelen på antinynorskrefleks gjeld truleg dei aller fleste som klikkar seg inn på nett-tv-sakene til våre dagars riks- og regionaviser. Der møter ein som kjent eit salig mangfald av dialektar og målformer hjå reporterane og kommentatorane. Også hjå VG sine folk.

Munnleg nynorsk og nynorsknær dialekt ser altså ut til å vere lettare å akseptere i media enn skriftleg nynorsk. Men det er også skilnad på om teksten er publisert på skjerm eller papir.

Her kan praksisen til VG sin Akersgate-granne Aftenposten tene som døme. I det avishuset har dei lenge publisert ei og anna nynorsksak på aftenposten.no. Ikkje berre i kronikkar og kommentarar frå eksterne skribentar, men også i heilt standard redaksjonelle saker, utstyrte med nynorsk tittel, bilettekst og det heile.

Eit ferskt døme er featuresaka om eit hyttefelt i Suldal (aftenposten.no 12.3.2017).

Eg har notert mange slike nynorsksaker frå aftenposten.no dei siste tre-fire åra. Det tyder på at både nettdesken – og ikkje minst lesarane – synest dette brotet med avishuset si offisielle språklege linje ikkje er noko problem. Korkje for botnlinja i konsernet eller for å forstå innhaldet.

Denne interessante erfaringa bør også VG og andre nynorskvegrande avishus merke seg.