Bergen i Nynorskland

Leiaren i BT 24.1. slår fast at Bergen er hovudstaden i Nynorskland, og oppmodar byen om å følgje opp dette på ein aktiv og offensiv måte. Dette er gledeleg klar tale frå landsdelens storavis.

Bakgrunnen for denne leiarkommentaren er bystyrevedtaket sist veke om å sikre rettane til nynorskelevane på byens ungdomsskular. Dei er omgitt av bokmål på alle kantar, og har krav på aktiv støtte frå skulen for å halde på språket sitt.

Slik støtte trengst. Undersøkingar der nynorskelevar i språkblanda klasser er intervjua, gir grunn til uro. Få melder om direkte oppmoding om at dei bør byte, men indirekte påverknad er vanleg ved at dei ikkje får lærebøker, læremiddel eller tavleundervising på nynorsk. Mange fortel også at dei ikkje får noko aktiv hjelp frå lærarane og skuleleiinga til å halde på nynorsken når dei byrjar på ungdomsskular eller vidaregåande skular med blanda språkmiljø.

Det er uvisst kvifor så mange lærarar ser ut til å vere passive når eleven skal velje målform. Kanskje er det fordi dei trur at ei tilråding om å halde på nynorsk kan bli oppfatta som utidig press? Det er i så fall eit misforstått syn på «nøytralitet».

Å legge til rette for at nynorskelevane skal ha eit fullverdig undervisingstilbod er ikkje berre ein sjølvsagd demokratisk rett for kvar einskild elev, men også i samsvar med nasjonal språkpolitikk. Ordninga med to formelt likestilte språk i Noreg er ein sentral del av det språklege mangfaldet. Både i Bergen og elles i landet er det ein ressurs som må utnyttast betre i opplæringa på alle nivå.

Det ferske bystyrevedtaket om ungdomstrinnet er ei naturleg oppfølging av vedtaket som blei gjort i fjor vår om å satse ekstra på nynorskopplæringa i byens bokmålsklasser på barnetrinnet. Her var det snakk om å starte «forsøksordningar» med godkjenning frå direktorat og departement. Slikt tar som kjent litt tid å få på plass. Eg vil difor minne bystyret og skuleadministrasjonen om at særlege løyve for slike undervisingsopplegg ikkje trengst. I gjeldande læreplanar i norsk er det nemleg ikkje berre rom for ei slik satsing på barnetrinnet. Det er obligatorisk.

Her finst m.a. formuleringar om at første- og andreklassingar skal «lytte til tekster på bokmål og nynorsk og samtale om dem». Dei skal også «samtale om begrepene dialekt, bokmål og nynorsk». I tredje og fjerde klasse skal elevane «lese tekster av ulike typer på bokmål og nynorsk med sammenheng og forståelse» og dei skal «beskrive eget talemål og sammenligne med andres».

For femte, sjette og sjuande årstrinn er det endå fleire og meir konkrete kompetansemål om opplæring i begge målformene, m.a. «eksperimentere med skriving av enkle tekster på sidemål» og «sammenligne språk og språkbruk i tekster på bokmål og nynorsk».

Bystyret i Bergen er altså på svært solid pedagogisk og språkpolitisk grunn når dei no ser ut til å satse ekstra på å gjere byen til nynorskhovudstad. Lykke til!


Vil du vite meir om tidleg start med nynorskopplæring i bokmålsklasser? Nynorsksenteret har laga ei samleside med undervisningsopplegg, læreplanmål og fagstoff: Tidleg start.