Då ein elverumsing oppdaga systemet i nynorsk

Av Kristin Fridtun, forfattar og språkvitar

Dei få av oss som byter skriftmål frå bokmål til nynorsk, vekkjer ofte merksemd i båe leirar. Mange av bokmålsbrukarane skjønar ikkje korleis nokon friviljug går over til nynorsk. Mange av nynorskbrukarane – og ein del bokmålsbrukarar – stiller spørsmålet: «Men kvifor skriv du nynorsk, du snakkar jo bokmål?!»

Dei siste overraska meg veldig. Då eg var nykonvertert, trudde eg at alle nynorskbrukarar hadde eit opplyst og gjennomtenkt syn på språk, og at dei i alle fall visste at bokmål og nynorsk er skriftmål. Så feil kunne eg ta! Det var òg svært uvant å høyra at eg pratar bokmål, sidan eg har valt å halda på talemålsformer som er alt anna enn bokmålsnære. Setninga «je kjæm hematt i mårra» er vel ikkje bokmål? Tvert imot, vil eg seia, det liknar då meir på nynorsk «eg kjem heim att i morgon».

Likskapen med talemålet mitt er likevel ikkje grunnen til at eg skriv nynorsk. Eg nyt å påpeika at tekstene til Alf Prøysen er fulle av nynorskformer (t.d. åleine, vassbytte, skulen, tenkje), men eg vaktar meg vel for å seia at nynorsk dimed er det naturlege skriftmålet for ringsaksokningar og andre i området. Det finst ikkje noko naturleg skriftmål – ingen vert fødde med skriveevne, og ingen skriftmål har oppstått av seg sjølve. Skriftmåla er kulturlege. Det er difor eg skriv nynorsk.

Men det står ikkje til å nekta: Eg òg trudde lenge at skriftmål hadde noko med naturen å gjera. Det er mogleg at norsklæraren min hadde prøvt å klårgjera skilnaden mellom skrift og tale, men eg hugsar likevel at eg tenkte, ein gong på vidaregåande: «Nynorsk er fint, det, men no har eg skrive bokmål i over ti år, så det er nok for seint å byrja med eit anna språk no.»

Eg var med andre ord vennleg innstilt til nynorsk, men eg skjøna ikkje at språk fyrst og fremst har med kulturell påverknad og vane å gjera. Til alt hell tok eg til å studera nordisk ved NTNU, og til alt hell gjekk eg på eit nynorskkurs som Studentmållaget i Nidaros skipa til.

Kurshaldaren var Ingar Arnøy frå Noregs Mållag, og han byrja med forklåra kva Ivar Aasen eigenleg dreiv med. Kva ville han? Kvifor gjorde han det han gjorde? Og korleis gjorde han det? Mykje av det Arnøy sa, hadde vore pensum i norsk. Men den oppglødde og grundige utgreiinga om arbeidet til Aasen var ny for meg. Særleg verknadsfullt var det at Arnøy plukka frå kvarandre myten om at nynorsk er for vestlendingar, og at han viste – med ei mengd talemålsdøme frå alle kantar av landet – at nynorsk verkeleg ER ein skriftleg samnemnar for dialektane.

Eg lika tanken bak prosjektet: å skapa eit skriftmål som byggjer på og lyfter fram talemålet til det jamne folket. Eg lika måten språket vart utforma på: noggrann utveljing av dei mest samlande eller representative formene, ordna i eit heilskapleg og regelrett system.

Ta berre noko så einfelt som at ordet hovud blir nytta om den viktige kroppsdelen øvst på kroppen og om slikt som har med den kroppsdelen å gjera (t.d. hovudplagg, hovudlus), i tillegg til at me brukar ordet som førefeste for å uttrykkja at noko er viktig, fremst og liknande: hovudinngang, hovudsak. I bokmål brukar me hode om kroppsdelen og det som konkret gjeld kroppsdelen (hodeplagg, hodelus), men i den overførte tydinga heiter det plutseleg noko anna: hovedinngang, hovedsak. Forma hoved heng att frå dansk. Om bokmålet skulle vore regelrett, måtte det ha heitt hodeinngang, hodesak.

Eller kva med bøyinga av sterke verb? Her har nynorsken som regel ei lett og ryddig bøying som er i tråd med dei eldgamle avljodsrekkjene. Frysa – frys – fraus – har frose, nysa – nys – naus – har nose. Bokmålet vinglar meir, med preteritumsformer som nøys, nøs og nyste og perfektum frosset og nyst. Desse to verba høyrer tradisjonelt til same verbklasse og har i over tusen år vorte bøygde på same måte med same vokalskifte, og slik er det i nynorsk.

Tilfredsstillande!

Men eg plar ikkje sveiva i gang slike utgreiingar når vanlege folk spør kvifor eg skriv nynorsk. Ofte nøyer eg meg med å seia at eg har sans for det demokratiske prosjektet, eller at eg skriv nynorsk både av politiske og språklege grunnar – og fordi eg rett og slett synest det er artigast å skriva nynorsk.