Gode bøker for ungdomsskolen!

Ei stor oppgåve i skolen er å skape ein kultur for lesing og lage gode rammer rundt lesinga. Slik blir det å lese gode bøker noko kjekt ein gjer og samtaler om. Det er viktig at ungdommar skal kunne identifisere seg som lesarar, ved å ha lyst til å lese og gle seg over lesinga.

Men kvifor skal ein lese bøker i ungdomsskolen? Eitt svar er at det står i fagplanen, men det er jo langt frå eit inspirerande og motiverande svar. Ein skal lese fordi det rett og slett er kjekt. Det skal vere spennande og engasjerande, det skal skape refleksjon og oppleving, og det kan opne ei ny og anna verd for lesaren. Gode bøker gjev inspirasjon, skaper lyst til å lese meir eller til å skrive sjølv.

Mange bøker tar opp emne ungdommar er opptekne av, og skildrar eit miljø som ungdommar kan kjenne seg igjen i. Ein kan forstå at ein ikkje er aleine om vanskelege tankar eller opplevingar. Ein kan få innsikt i korleis andre ungdommar tenker og taklar utfordringar. Slik kan ein skape toleranse for andre sine tankar og kjensler, og ein kan skape empati.

Bøkene handlar gjerne om ungdommar på leiting etter sin eigen identitet. Det fine med ein litterær tekst er at ein kan lage bileta sjølv, og ha noko å undre seg over. Ein kan dikte med, fylle inn dei opne romma i teksten, for her finst det ikkje to strekar under svaret. Å lese mykje gjer det lettare å bli ein god skrivar; ein får nokre modellar og tankar om korleis ein sjølv kan formulere seg. Det trengst særleg gode førebilde når elevane skal skrive nynorsk, enten det gjeld hovudmål eller sidemål.

Det er lurt å leggje vekt på kva elevane tenker om litteraturen dei les. Rolla til læraren er ikkje å fortelje kva som er rett og gale, godt eller dårleg, men å inspirere, rettleie og hjelpe elevar til å finne bøker som kan passe for den einskilde. Ikkje alle elevar klarer å finne gode bøker på eiga hand, og mange les ikkje bøker utanom på skolen. Nokre elevar treng meir støtte frå læraren undervegs i lesinga, ein kan ikkje forvente at alle klarer seg sjølv.

Det er sjølvsagt viktig å lese regelmessig. Det kan vere nyttig å stille opne spørsmål slik at elevane kan sjå fleire sider av teksten og reflektere sjølve. Om ein les saman, kan elevane få ei større forståing ved å stoppe opp og diskutere undervegs. Det er ei øving å godta at ein ikkje finn svar på alt.

Ungdomslitteratur er ikkje ein eigen sjanger, men mange ulike sjangrar. Ungdomslitteratur kan vere all litteratur som har ungdom som målgruppe. Svært mykje av den nynorske ungdomslitteraturen har høg litterær kvalitet, det er litteratur med fleire lag og eit godt språk. Det er mykje å ta tak i for samtale eller som utgangspunkt for eiga skriving.

Nynorsksenteret har funne fram til nokre nynorskbøker vi synest er gode, og som vi kan tilrå for ungdomsskolen. Nokre av dei er lettlesne, andre passar for bokslukaren. Her er bøker i mange sjangrar som tar opp veldig ulike tema. Eit par historiske romanar, spennande krim, humor, kampar på liv og død, sjukdom og sjølvsagt forelsking. Noko for alle!