Born må få møte språket dei skal lære på skulen

Hausten 2017 får barnehagane ny rammeplan. Kunnskapsdepartementet sende framlegget til den nye planen ut på høyring i oktober 2016, etter ein omfattande runde med innspel frå mange fagmiljø.

Høyringsfristen var 20.1.2017. Nynorsksenteret har sendt høyringssvar der vi legg vekt på at born i nynorskområde treng å møte det skriftspråket dei skal lære i skulen alt i barnehagen. Dette bør vere ein sjølvsagt og lovfesta rett. Slik er det ikkje, korkje i gjeldande rammeplan for barnehagen eller i utkastet til ny plan.

Merknad til høyringsutkast til Forskrift om rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver

I KD sitt høyringsbrev (20.10.2016) er det understreka at den nye rammeplanen først og fremst skal omtale «rettigheter og plikter» og i mindre grad «informasjon og betraktninger om barn, samfunn mv.» Vi synest dette er eit godt grep. Den nye, nedkorta planen er enklare for alle partar å orientere seg i, og han vil vere lettare å bruke som styringsreiskap enn tidlegare utgåver.

Nynorsksenteret har som mandat å bidra til betre kvalitet i nynorskopplæringa frå barnehage til og med vidaregåande trinn. Senteret skal også bidra til interesse og motivasjon for nynorsk i barnehagen og grunnopplæringa. I dette høyringssvaret vel vi difor å avgrense merknadane til nokre avsnitt og formuleringar som direkte eller indirekte omtalar arbeidet med språk og språkutvikling.

Den viktigaste merknaden vår gjeld nettopp «rettigheter og plikter» for barn og barnehagar i nynorskområde.

Kvart år byrjar nesten 8000 barn på skulen i nynorske skulekrinsar. For at desse barna skal bli trygge språkbrukarar, treng dei å møte skriftspråket sitt før dei byrjar den formelle lese- og skriveopplæringa i første klasse. Dette bør vere ein sjølvsagd og lovfesta rett. Slik er det ikkje, korkje i gjeldande rammeplan for barnehagen eller i utkastet til ny plan.

I kapittel 5 (s. 12) står det mykje om synleggjering av språkleg og kulturelt mangfald, leik og utforsking av skriftspråket og eit mangfaldig tilbod av bøker og songar. Her må det inn formuleringar som sikrar rettane til dei borna som skal ha nynorsk som opplæringsmål når dei byrjar på skulen. I barnehagen har dei blitt lesne høgt for, utforska bokstavar, lært songar, rim, regler og vitsar. Mykje av dette med utgangspunkt i tekstar på bokmål, ikkje nynorsk. Dette får konsekvensar for dei minste sine språklege sjølvbilete og skriftspråksferdigheiter når dei byrjar på skulen.

Overgangen mellom barnehage og skule er omtala i kap. 8 i planen. Ein viktig føresetnad for at «barnet kan få en trygg og god overgang fra barnehage til skole» (s. 20) er sjølvsagt at barnehagane gjer bevisste og systematiske val av språkstimulerande aktivitetar. Det er ikkje likegyldig om bøkene ein les saman i barnehagar i nynorskområde er på bokmål eller nynorsk.

Det er også viktig for born som veks opp i bokmålsområde at dei blir introduserte for den andre varianten av norsk alt barnehagen. Det er med på å skape auka språkleg og kulturell toleranse, og å førebygge fordommar mot nynorsk når dei møter att sidemålet i skulen.

Oppsummert:
Skriftspråket norsk finst i to variantar. Dette er ikkje tematisert nokon stad i utkastet til ny rammeplan. Det er heller ikkje nemnt nokon stad at born i barnehagealder i nynorskområde har andre vilkår for å etablere eit grunnlag for lese- og skriveopplæringa (frå første klasse) enn born i bokmålsområde.

Nynorsk og bokmål er formelt likestilte variantar av norsk. I praksis er det slik at bokmål og bokmålsnære dialektar dominerer barnekulturen over heile landet, også i nynorskområda. Denne asymmetrien i vilkåra for språkstimulering må eksplisitt omtalast i rammeplanen, slik at born som veks opp i nynorskområde er sikra eit best mogleg grunnlag for å bli trygge og gode språkbrukarar.

Framlegg til ny og/eller endra tekst:
Formuleringar som sikrar dei språklege rettane for born i nynorskområde, kan leggast inn i rammeplanen i fleire ulike avsnitt. Vi har følgjande forslag:

Kap. 3 (Barnehagens formål og innhold) i avsnittet «Kommunikasjon og språklig kompetanse»:
I barnehagar i nynorskområde skal barnehagen stimulere barna sin nynorskspråklege kompetanse, slik at dei kan utvikle grunnlaget for seinare formell språkopplæring. (s. 9, nytt avsnitt i innleiinga, saman med omtalen av samisk språkstimulering).

Personalet i barnehagen skal: legge til rette for at barn i nynorsk-kommunar får møte nynorsk skriftspråk i barnehagen. (s. 10, nytt kulepunkt)

Kap. 5 (Barnehagens fagområder) i avsnittet «Kommunikasjon, språk og tekst»:
Omgrepet språkformer i første avsnittet om «Kommunikasjon, språk og tekst» bør presiserast. Dette er eit omgrep som ikkje er eintydig. (Dette har vi også fått tilbakemeldingar om frå andre som har lese planen.) Den mest rimelege tolkinga er at dette er synonymt med «målformer», dvs. nynorsk og bokmål. Då bør ein også skrive det, for å unngå mistydingar. Formuleringa blir då slik:
I barnehagen skal barna møte ulike språk, nynorsk, bokmål og dialekter gjennom rim, regler…

I tillegg bør nest siste kulepunkt i dette avsnittet (s. 12) presiserast slik:
Personalet skal: bruke varierte formidlingsformer og tilby et mangfold av bøker og sanger på bokmål og nynorsk, bilder og uttrykksformer.

Generelt:
Rammeplan for barnehagen bør ligge føre på begge målformer. Vi ser ingen grunn til at det ikkje blir laga parallellutgåver av denne typen dokument. Dette er tekstar som barnehageeigarar og -leiarar over heile landet brukar som grunnlag for lokale planar, m.a. med tilhøyrande «klipp og lim» i redigeringsarbeidet. Lærarar og studentar på barnehagelærarutdanningane (og andre) som skriv om  barnehagelærarutdanninga, har tilsvarande behov for å få planen på valfri målform.

Volda, 10.1.2017
Torgeir Dimmen
Senterleiar, Nynorsksenteret

Meir om bakgrunnen for planen

Heile høyringsutkastet