Å få alle sider av livet på si eiga målform

Ei framsnakking av forlaget som ofte hamnar i skuggen.

Dei norske forlaga har svært ulikt utval av nynorske barnebøker. Samlaget er i ei særstilling, sidan dei berre gir ut bøker på nynorsk. Skald og Manschou kjem på ein god andreplass, og det er fleire av dei andre forlaga som også gir ut nokre nynorske barnebøker årleg.

Eit forlag som ofte kjem i skuggen av dei over, er IKO-forlaget. Det er eigd av Kyrkjelig pedagogisk senter, og er det største forlaget i Den norske kyrkja. Forlaget gir ut materiell og bøker til bruk i heimen og som undervisningsmateriell i kyrkja. Det er særleg i den siste kategorien at det svarer seg økonomisk å gi ut bøker på begge målformene.

IKO-forlaget gir ut rundt femti bøker for og om barn og unge årleg, og har til saman rundt 480 titlar. Over 150 av bøkene er på nynorsk.

Mange barn møter jamleg bøker med kristent innhald, songar og bibelhistorier, og det er viktig for den språklege sjølvtilliten til barnet at også bøkene i trusopplæringa er på hovudmålet deira. Det er også viktig for identitetsbygginga til barnet å sjå at språket deira er dugande til bruk i alle sider av livet og ikkje er avgrensa til skulebøkene.

Nokre av bøkene til IKO-forlaget har eit forkynnande innhald, men langt frå alle. Ein del bøker presenterer historier frå Bibelen, eller tek opp kristne og allmennmenneskelege spørsmål på ein måte som gjer dei aktuelle til bruk også i grunnskulen og barnehagen. Eit døme er dei fire bøkene om Sverre, som handlar om korleis han opplever dei store hendingane dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd. Dette er bøker som eignar seg godt som utgangspunkt for samtale i klasserommet. Jamfør kompetansemål i læreplanen etter 4. trinn, som seier at elevane skal «samtale om kristendom og hvordan religiøs praksis kommer til uttrykk gjennom leveregler, bønn, dåp, gudstjeneste og høytider.»

Det er viktig at barn som skal lese eller høyre om tru, tvil, undring, ja om livet generelt, får gjere det på si eiga målform. Vi vaksne har eit ansvar for å vise borna at språket deira er eit godt verktøy som dei kan bruke på alle felt, i alle fag og i alle fasar av livet.