På jakt etter den gode metoden

Mange elevar slit med å tileigne seg grunnleggjande skriveferdigheiter. Lærarar saknar på si side eit tolkingsfellesskap i vurderinga av elevtekstar. Det vil Normprosjektet gjere noko med, og resultata så langt er lovande.

Kva får ein dersom ein samlar ei gruppe skriveforskarar, 3000 elevar frå 3.–7. trinn, 500 lærarar og rektorar ved til saman 24 grunnskular frå heile landet? I tillegg til kanskje det største skrive­prosjektet i verda får ein ny kunnskap om korleis ein skal drive framtidsretta skriveundervisning.

Tradisjonelt sett har mykje av skriveopp­læringa vore lagd til norskfaget. Mange norsklærarar har i tillegg konsentrert seg om skjønnlitterære sjangrar, noko som har gitt elevane lite erfaring med å skrive andre teksttypar.

I Normprosjektet har ein samarbeidd om å lage fleire og meir varierte oppgåver i alle fag. På denne måten får elevane opplæring i å skrive tekstar­ med vidare relevans for livet utanfor skulen.

Elevane i prosjektet har lært å tenke nøye over mottakaren og kva funksjon teksten skal ha, noko som har gjort dei flinkare til å velje skrivehandlingar som er betre tilpassa formålet.

Som ein reiskap til å fremje ei felles forståing for kva det inneber å skrive godt, har prosjektgruppa i samarbeid med lærarar over heile landet utvikla såkalla forventningsnormer for skrivinga på dei ulike årstrinna. Desse blir lagde til grunn både for skriveopplæring og vurdering og bidreg til at elevar og lærarar får eit felles språk om tekst og skriving.

Resultat

Normprosjektet er enno ikkje avslutta, men tendensen er klar. Samanlikna med kontrollgruppa har elevane­ ei utvikling som på det meste tilsvarer inntil to års ekstra skulegang. Framgangen er størst blant dei yngste elevane. I tillegg er forskjellen mellom­ gutar og jenter ikkje så tydeleg som den ein vanleg­vis finn i liknande studiar. Framgangen var også omtrent den same om elevane skreiv nynorsk eller bokmål. Sjølv om elevar med nynorsk som hovudmål ser ut til å bruke noko meir tid på å tileigne seg rettskrivings­norma, er snittvurderinga av elevane­ like god uavhengig av målform.

Meir om Normprosjektet