Etterlysing: lærarstøtte!

Halvparten av elevane som har nynorsk som opplæringsmål i første klasse, byter til bokmål før dei er ferdige med vidaregåande skule. Denne tendensen til målbyte er klart størst i randsonene til nynorsken på det indre Austlandet og rundt byane Bergen og Stavanger på Vestlandet. Slik har det vore lenge.

Ei av dei viktigaste oppgåvene til Nynorsksenteret er å hjelpe elevar med nynorsk opp­læringsmål å halde på språket sitt gjennom heile skuleløpet – og lenger. Dette oppdraget er ikkje språk- eller skulepolitisk kontroversielt,­ og vi utfører det så godt vi kan på vegner av Utdanningsdirektoratet­ og Kunnskaps­departe­mentet.­

Kva gjer lærarane og skulane for å redusere­ det uønskte fråfallet? Det er dei som møter elevane direkte­ og dermed har lettast tilgang til å påverke val av opplæringsmål. Dei burde difor vere gode allierte for elevar i ein sårbar mindretalsposisjon.

Mykje tyder på at dei ikkje alltid er det. I ein rap­port fortel fleire nynorskelevar i blanda språk­miljø at dei får lite hjelp frå lærarane og skuleleiinga til å halde på nynorsken. Dette er noko skulen ikkje vil legge seg borti. Få melder om direkte oppmoding om at dei bør byte, men indirekte påverknad er vanleg ved at dei ikkje får lærebøker, læremiddel eller tavleundervising på nynorsk.

Kvifor er det slik at mange lærarar ser ut til å vere så passive når 13-åringen eller 16-åringen skal velje målform? Kan det vere eit misforstått syn på «nøytralitet»? At det vil bli opplevd som utidig press å oppmode om og legge til rette for at dei skal halde på nynorsken?

Det er det ikkje. Det er tvert om offisiell norsk språk- og kulturpolitikk. Det bør også lærarar og rektorar på skular i randsonene minne kvarandre om.