Då nynorsken blei meir enn blånande fjell og djupe dalar

Av Mariann Schjeide, leiar i Norsk bibliotekforeining

Spynorsk mordliste. Det sto det også på mi ordliste på vidaregåande skule. Eg var frå Ålesund, oppvaksen midt i byen, hadde bokmål på skulen. Då eg skulle begynne på skule i ny skulekrets ei lita mil frå Ålesund, skulle foreldra mine røyste over målform i skulekretsen. Dei røysta mot «grautmålet», som ei morosam journalistvenn av faren min skreiv i avisa med bilete av foreldra mine. Vi var nettopp flytta inn i eit nytt byggefelt, og gatene skulle ha adresser. Kyrkjehaugen heitte gata vår. Faren min skreiv protestbrev til kommunen. Han meinte det var ei unaturleg adresse, det burde heite Kirkehaugen. Han fekk ikkje medhald. Min vesle protest var å konsekvent skrive Kirkehaugen på alt.

På vidaregåande skule på tidleg åttital protesterte eg på nynorsken der eg kunne og hoverte med min eigen inkompetanse. Nynorsk er jo det einaste faget der ein skuldar på og skryter av eiga manglande forståing. Det finst neppe ein meir effektiv måte å ta avstand til eit fag på.

Eg kom til Volda og distriktshøgskulen tidleg haust 1985 for å studere nordisk. Eg hadde akkurat fylt 20 år, det var mitt første år som student. Og det var i bil gjennom Ørsta eg såg det først, butikkskilta med «kveldsope» og «laurdagsope», og det hang plakatar med «sal» i vindauga. Undervisninga var sjølvsagt ikkje på nynorsk, forelesarane snakka dialekta si, men alt vi fekk utdelt, det som føregjekk på tavla – alt var på nynorsk. Det var her eg fekk oppvakninga mi, eg såg at nynorsken ikkje var eit høgverdig «litteraturspråk» som eigna seg best til dikt og panegyriske naturskildringar, det var eit bruksspråk.

Men det var først i midten av trettiåra eg tok valet, det var først då eg konverterte. Og eg kjenner meg nesten som ein religiøs konvertitt – slike blir jo ofte rimeleg fanatiske! Men på vegen fram har eg møtt noko uforstand, og særleg frå dei eg samanliknar meg med i dag, dei som står i fremste linje for nynorsken. For nynorsk kan ikkje samanliknast med å lære seg eit anna språk, det kan ikkje samanliknast med å lære seg tysk og fransk. Jo då, pugginga av grammatiske reglar, bøying av verb og substantiv følgjer dei same prinsippa for læring av språk: Det må puggast. Ein må hugse det, ein kan ikkje ta det på «feelingen». Men utfordringane rundt å lære seg nynorsk handlar om noko ganske anna: Samanblandinga. Språka er så like. Eg vil tru det er det same som slår inn når svenskar som bur i Noreg skal lære seg å skrive norsk. Det er så likt. Dette har blitt tatt for lett på i undervisningssituasjonar. Det er uforstand og bagatellisering av innlæringsproblem når ein møter elevar som slit med nynorsken med «du som har lært deg engelsk og fransk må då kunne lære deg nynorsk som det enklaste i verda». Det er ikkje sånn det går for seg. Eg sleit med nynorsken på vidaregåande, delvis sjølvsagt grunna min eigen motstand, men også fordi eg blanda. For språk har eg alltid hatt lett for, eg har elska grammatikk, setningsanalysar, bøyingsmønster, men eg sleit med nynorsken. For eg fann fort ut at som sunnmøring kunne eg ikkje berre stole på mi eiga dialekt.

Nynorsken eg skreiv i mange år hadde eit element av tvang over seg. Eg jobba som biblioteksjef i nynorskkommunar der eg blei passa på av nynorskpolitiet, dvs. det same politikorpset som eg er ein del av i dag. Og slike trengst! Hadde lidenskapelege nynorskbrukarar ikkje sett ein stoppar for bokmålsskrivinga mi i dei to nynorskkommunane eg jobba i, hadde eg berre fortsett med å skrive bokmål.

Det krevst vilje, det krevst lidenskap, det krevst tolmod, det krevst trass for å halde på nynorsken. Det merka eg særleg i mine 11 år som biblioteksjef i Ålesund kommune. For å vere ein kommune som er språknøytral, som Ålesund, er det nok å gi deg lov til å skrive nynorsk. Ingenting anna blir tilrettelagt for deg, du blir stille motarbeidd gjennom skjema og standardformular som må skrivast på nytt. Det tek tid, det er irriterande, det er lett å gi opp. Men eg valde å fortsette, for eg kunne ikkje lenger høyre mi eiga røyst i bokmålet. Og eg merkar det når eg les høgt, kor mykje lettare det fell meg å lese på nynorsk. Det passar dialekta mi, identiteten min, det passar hjartespråket og sunnmørske lynne. Nynorsken har ein song i seg, og eg har orda som passar til den songen.

For om lag 200 år sidan var Noreg eit gammalt land, men ein ung nasjon. Salig Ivar ville at vi skulle ta vårt eige tilbake, nynorsken var ein del av ei nasjonal rørsle, der den myndiggjorde bonden og fiskaren skulle kjenne at deira eige hadde verdi. At deira eige språk var godt nok. I dag er det fortsatt det det handlar om for meg. At eg kan pendle til Oslo utan å legge om dialekta mi, at eg kan skrive nynorsk utan å bli latterleggjord.

Til sjuande og sist handlar det om dette for meg: Viljen til språk, viljen til nynorsk, viljen til å gjere nynorsken til min. Nynorsken har blitt min store kjærleik og mitt livsprosjekt.