Karakteristisk vurdering

Eg var skuleflink. Det kalla dei i alle fall slike som meg då eg gjekk på skulen på seksti- og syttitalet. Eg fekk som oftast gode karakterar på prøvene og stilane mine, og det var nesten berre M-ar i karakterboka. Den gongen reflekterte eg lite over kva grunnlag lærarane hadde for å gi meg alle desse M-ane. Endå mindre lurte eg på kvifor skulen heldt seg med denne graderte elevsorteringa. Det var berre slik systemet var, og for meg som heldt til i den øvste enden av skalaen, var det sjølvsagt heilt greitt.

Er det greitt?

Svaret på det spørsmålet er avhengig av grunngivinga for å gi skuleelevar karakterar i det heile. Er det for å rangere? Er det for å motivere? Eller kanskje begge delar? Rangeringsbehovet er opplagt. Karakterar er ei praktisk ordning som sorterer og silar elevkulla i overgangen frå ungdomstrinn til vidaregåande, og frå vidaregåande til høgare utdanning. Verkar karakterar motiverande? Her er svaret mindre opplagt. For dei skuleflinke kan utsiktene til ein toppkarakter spore til ekstra innsats. For dei svake elevane blir karakterane lett ei kronisk og godt synleg påminning om alt dei ikkje får til. Det er ikkje noko godt utgangspunkt for læring.

Karakterar og vurdering var langt på veg synonyme omgrep i mi skuletid for førti år sidan. Slik er det ikkje lenger. Vurdering av eitt eller anna slag er ein føresetnad for å setje karakter, men det har også andre og viktigare funksjonar. Det skulen og elevane treng, er meir vurdering for læring og mindre vurdering for rangering. God og moderne vurderingspraksis skal gi støtte til alle elevar – same kvar dei er på skuleflinkskalaen. Det er undervegs elevane treng hjelp og rettleiing, og det er undervegs fram mot sluttproduktet læringa skjer. Dette er nokså opplagt, men likevel vanskeleg å praktisere. Tidlegare tiders tradisjon er seig å utrydde.